Mannen i 70-åra er tiltalt for seksuelle overgrep mot barn under ti år. Overgrepa skal ha skjedd i ein periode på åtte år, ifølgje tiltalen som er tatt ut mot mannen.

Mannen er busett på Sunnmøre, men overgrepa skal ifølgje tiltalen ha skjedd i ei bygd i Sogn og Fjordane tidleg på 2000-talet, frå jenta var i fireårsalderen.

Strafferamma for det mannen er tiltalt for er på over seks år fengsel.

Illustrasjonsfoto Foto: Terje Pedersen Berit Roald / NTB

Rettssaka mot mannen skal opp for Sogn og Fjordane tingrett i desember, og det er sett av fire dagar til behandling av saka.

Politiadvokat Merete Sundal er aktor. Ho ønskjer ikkje å kommentere tiltalen no. Det gjer heller ikkje advokat Lene Knapstad som er mannen sin forsvarar.

Sunnmørsposten har også kontakta Bjarte Aarlie som er støtteadvokat for den fornærma i saka, men så langt ikkje fått svar.