– Med bakgrunn i det som kom fram i samband med forslaget til revidert nasjonalbudsjett tidlegare i mai, er bestillinga som forventa. Vi jobbar med reduksjon av kostnadar og uvisse, og skal svare ut dette innan fristen, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Skjeppestad i ei sak på nettsidene til Kystverket.

Dei understrekar at det ikkje blir sett i gang med riving av hus eller bygningar før Stortinget har teke stilling til ei oppdatert kostnads- og styringsramme for prosjektet.

– Vi jobber vidare med førebuande arbeid. I dette ligg det allereie ein betydeleg innsats for å redusere risiko- og uvisse, og dermed truleg kostnadar i prosjektet. Blant anna er vi i ferd med å sluttføre eit dimensjoneringsprosjekt saman med Sintef, som går på å analysere og dimensjonere entringskonstruksjonar og fenderkonsept til skipstunnelen. I sommar skal vi dessutan gjennomføre ein ny runde med kjerneboring, for å ha betre kontroll på fjellkvalitet og grunnforhold, som er eit anna sentralt risiko- og uvisseelement i prosjektet, seier Skjeppestad.

(©NPK)