I Møre og Romsdal politidistrikt er bedrageri og nettsvindel dei sakstypane som aukar mest.

– Svindlarane er profesjonelle og finn stadig nye metodar for å verke truverdige i framgangsmåtane sine. Nettsvindel rammar folk i alle aldersgrupper, men det er særleg eldre som blir offer for metodar som kunne ha vore hindra gjennom auka kunnskap, skriv politiet i ei pressemelding.

Politiet har derfor gått ut med ei hugseliste, slik at folk kan kjenne seg tryggare når dei navigerer den digitale verda:

* Aldri bruk BankID, kodar, passord eller kortinformasjon over telefon, SMS eller e-post. Sjølv ikkje om avsendar seier dei er frå politiet eller banken.

* Ikkje klikk på mistenkjelege lenker.

* Ikkje svar på meldingar eller ring tilbake til ukjende telefonnummer.

* Ta kontakt med ein familiemedlem eller banken om du er usikker på noko.

* Om skaden allereie har skjedd, ta kontakt med banken med ein gong.

(©NPK)