Ungdomsrådet i Ålesund kommune har samrøystes vedtatt at ungdommens kulturpris for 2022 vert tildelt UL Fram. Det skriv Ålesund kommune i ei pressemelding.

I grunngjevinga heiter det mellom anna at: «Det aktive ungdomslaget driv med barne- og ungdomsteater som er til stor verdi for born og ungdom og for fellesskapet og lokalmiljøet på Nordøyane. UL Fram jobbar med å skape ein møteplass med spennande og utviklande aktivitetar, der alle skal føle at dei høyrer til. Born og ungdom får oppleving av å meistre, samstundes som dei får moglegheita til å utfolde seg.»

Det er til saman rundt 80 medlemmar i dei to gruppene for barn og ungdom, og dei har framsyningar kvart år, som til dømes Jungelboken som akkurat er avslutta no i haust, med fulle hus og stor suksess både på Framtun og på Gomerhuset, heiter det i pressemeldinga.