Fleire skisenter melder om fleire titals centimeter med nysnø dei siste dagane. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Ifølgje dagleg leiar Richard Taraldsen ved Destinasjon Hemsedal har dei 150–170 centimeter med snø i terrenget ved skisenteret. Arkivfoto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Det er forventa storinnrykk av skituristar til dei norske skisentera, etter gode snøprognosar og gode vêrmeldingar i påska. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Det skal vere mykje ny puddersnø ved Voss Resort før påske. Dette er frå i fjor. Arkivfoto: Peder Skjelten / NTB / NPK
– Vi fekk 25 centimeter med puddersnø for to dagar sidan, og har no kalde temperaturar, som er perfekt skiforhold, seier Anna Bryn, dagleg leiar ved Voss Resort. Biletet er teke i 2022. Foto: Peder Skjelten / NTB / NPK

NHO Reiselivs årlege «påskegallup», gjennomført av Kantar blant 1.036 respondentar, viser at éin av to har planar om å reise på påskeferie.

Av desse skal 85 prosent feriere i Noreg. Meir enn seks av ti av dei som planlegg noregsferie, skal på hytta, ifølgje tala til NHO Reiseliv.

Då passar det at det er gode snøforhold hos fleire av dei norske skisentera.

Snø til heile påska på Voss

På NVEs målestasjon i Myrkdalen utanfor Voss, som er kjent som ein snørik stad, er det målt 1,7 meter snø.

– Det bør vere nok snø til heile påska, seier Heidi Bache Stranden i NVE til Nynorsk pressekontor.

Dagleg leiar Anna Bryn ved Voss Resort seier dei har mykje snø i bakken, og at det er meldt gode skiforhold med opphaldsvêr og sol i påska.

– Vi fekk 25 centimeter med puddersnø for to dagar sidan, og no har vi kalde temperaturar, som gir perfekte skiforhold.

Inn mot påska har dei òg opplevd auke av utanlandske turistar, som kjem for ei svak krone og dårlegare snøforhold lengre sør i Europa.

God snødjupn i nord og sør på Vestlandet

Dagleg leiar Lars Reidar Fosstveit ved Sauda skisenter seier dei har gode snøforhold i år, med snødjupn på mellom 160–170 centimeter i bakken.

– Det er bra vêr framover, og gode snøprognosar for snøen til påske. Det har vore godt besøk så langt. Vi har mest dagsturistar som kjem frå Stavanger og Haugesund, men forventar ei veldig god påske med bra besøk. Påska er jo tradisjon for at folk skal på fjellet og få sol og brilleskilje.

For nokre dagar sidan kom det ein engelsk turist til Stranda på Sunnmøre. Han hadde funne vegen til det vesle skisenteret etter å ha googla seg fram til kor i Noreg det skulle vere mest snø, fortel marknadsleiar Mari Riksheim ved Strandafjellet.

– Det er gode snøforhold på Stranda no og fram til påske. Vêret er nydeleg, med fine temperaturar. Om sola kjem, er alt på plass.

Svenskane har utsett ferien

Richard Taraldsen, dagleg leiar ved Destinasjon Hemsedal, seier dei forventar storinnrykk til skisenteret etter gode snøforhold, med 150–170 centimeter snø i terrenget.

– Vi har hatt ein historisk bra snøvinter. Det snødde nesten 20 centimeter her om dagen og det er fantastiske snøforhold i fjellet.

Han seier det kjem til å bli om lag 50/50 av nordmenn og utanlandske turistar denne påska. Svenskane, som har seinare påskeferie enn nordmenn, kjem først seinare.

– Første påskedag blir Hemsedal fylt opp med svenskar, medan nordmennene reiser heim. Så det blir ein norsk påske, med ein del danskar tyskarar og engelskmenn òg. Vi har framleis ledig kapasitet, men det nærmar seg fullt.

50 centimeter nysnø i Sogn

Fleire skisenter melder om mykje nysnø dei siste dagane, men ingen kan slå Sogndal Skisenter – Hodlekve, som fortel at det kom ein halv meter med snø på ein dag i fjellet før påske.

– Eg møtte ein lokal skigåar som hadde vore til fjells. Han sa han ikkje kunne hugse sist han køyrde i så god snø, så seint i sesongen i vårt område. Hodlekve ligg i eit snøhol, der nedbøren som vanlegvis ville blitt til regn andre stadar, blir kjølt ned av Jostedalsbreen og til snø. Det er flotte, stabile forhold i bakken, og tørr og laus snø utanfor løypene, fortel driftsleiar Kim Andre Navarsete ved Hodlekve.

Hovden ventar mykje folk

Også i Hovden alpinsenter øvst i Setesdal forventar konsernsjef Ann-Torill Briksdal full fart og mykje folk i bakkane.

– Det er meldt fint vêr i inngangen av påska, så det trekkjer utvilsamt mykje folk. Siste halvdel av påska er vi som regel alltid fullbooka, og det er ikkje noko unntak i år, seier Briksdal til NTB.

– Vi har mykje snø og det ligg til rette for å bli veldig gode forhold. Vi forventar mykje folk i fjellet.

(©NPK)