Om oksen er sjenert framfor folk eller brukar ein time på å lokkast opp på bakbeina, hjelper det lite å ha sædkvalitet og genar i verdsklasse. Muri bryr seg lite om at Kåre Johansen ser på i det han stavrar seg på bakbeina. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
12297 Muri P. Foto: Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Sæduttaket skjer i to omgangar. Først rir oksen opp og hoppar ned att med uforretta sak, for å få større tettleik og volum på sæden. Når han slepp til for andre gong, står Sindri Gislason klar med ein skjede i plast. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Sæduttaket skjer i to omgangar. Først rir Muri opp og hoppar ned att med uforretta sak, for å få større tettleik og volum på sæden. Når han slepp til for andre gong, står Sindri Gislason klar med ein skjede i plast. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
40 milliliter – verdt 300.000 kroner etter at Sindri Gislason har levert dei på laben. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Kvart år blir det genotypa rundt 8.000 seminokseemner og 6000 kvigekalvar. Av desse kjøper Geno rundt 150 oksekalvar og 90 kvigekalvar – i snitt altså tre oksekalvar og ein til to kvigekalvar etter kvar okse. Det betyr at mange gode kalvar blir avslått. Ein av fleire årsaker er at ein ynskjer variasjon i det genetiske materialet for å hindre innavl, fortel Hans Storlien. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Oksane har travle dagar. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Romantikken er borte. I dag skjer 85 prosent av alle befruktningar mellom norske kviger og oksar ved kunstig sædoverføring. Her ventar Muri på å få gje sitt bidrag. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Oksane rir på kvarandre etter tur for å levere. Her er det ein ferdigtømt Muri som får besøk av Smenes. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Fjøsrøktar Sindri Gislason leverer dagens uttak på laboratoriet og steriliserer utstyret han har brukt. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
På laben er det Radmila Stojkovic som kjønsseparerer sæden og legg han på flytande nitrogen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Ein skjede i plast til vask. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Sæduttaket skjer i to omgangar. Først rir Muri opp og hoppar ned att med uforretta sak, for å få større tettleik og volum på sæden. Når han slepp til for andre gong, står Sindri klar med ein skjede i plast. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
I tillegg til eliteoksane av NRF, har Geno prakteksemplar av fem ulike kjøtferasar og seks gamle norske rasar i fjøsen. Også frå desse blir det selt sæd. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Om oksane ikkje vil ri ein av dei andre oksane, er tilbodet ein trebukk kledd i okseskinn. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

– No er han klar!

Det dundrar i fjøsgolvet i det 700 kilo tunge Muri tek sats og kastar seg opp på ein ventande okse. Dei skil ikkje på kjønn desse karane, og snart to år gamle Muri veit det kanskje ikkje, at forkledet fjøsrøktar Kåre Johansen har festa under vomma hans er der for å hindre at dei edlare delane kjem i nærleiken av den andre oksen.

I staden står røktar Sindri Gislason på lur like bortanfor med ein smurt og oppvarma skjede i plast. I det Muri bykser seg opp på dei digre bakbeina, prustar tungt og er klar til å fyre av ladninga, smett Sindri innunder han og trer på skjeden.

Eit par sekund etterpå dukkar Sindri ut att og løftar røyret opp mot taklyset. Han myser mot det innebygde målebegeret med gråkvit væske:

– 40 milliliter!

Designarbaby

Det er her, i Geno-fjøsen på Stange i Hedmark, at fedrane til dei fleste kalvar av Norsk Raudt Fe (NRF) i Noreg står. Skvetten som Muri nett avleverte skal separerast etter kjønnet på sædcellene:

– Når materialet er analysert og sortert i laboratoriet vårt, står vi att med rundt 2 millionar sædceller som gir mellom 200 og 600 dosar – av det som mest sannsynleg berre blir kvigekalvar. Det er kjønsseparert sæd vi har mest aukande etterspurnad etter, forklarar Hans Storlien (58), som er marknadsansvarleg i Noreg med hovudansvar for semintenesta i Geno SA.

Potente proffar

At det denne dagen er akkurat 12297 Muri P som leverer varene, er ikkje tilfeldig. Nett no er den snart to år gamle oksen frå Ørskog i Møre og Romsdal ei av dei store, komande stjernene på Genos seminstasjon Store Ree i Stange. Muri kom hit i mars, og til liks med dei andre eliteoksane i fjøsen, er han nøye utvald og handplukka blant dei 100.000 NRF-oksekalvane som vart fødd det same året, fortel Storlien:

– Muri har potensial til å bli «årets okse» neste år. Om det går som me håpar, skal han bli far til ein stad mellom 7 og 8000 kalvar det neste året. Dei første kalvingane skjer i mars 2024.

Ein perfekt match

No lurar du kanskje på korleis akkurat Muri hamna her. Svaret ligg i enorme datamengder. Norske kyr fekk faktisk helsekort i 1976, nær ti år før me tobeinte fekk det, og gjennom bøndene sine innrapporteringar til Kukontrollen har Geno full oversikt over alle data og den genetiske stamtavla til dei fleste nyfødde oksekalvar her i landet. Over 100.000 norske kyr er genotypa. Det gjer det mogleg for fagfolka å lese av meir enn 50.000 markørar på arvematerialet deira.

–Kvart år studerer me genane til 8000 av dei mest interessante nyfødde oksekalvane. Av desse blir 145 henta til eit fjøs me har i Øyer. Der gjer me nye vurderingar, og granskar også framferda til oksane. Frå Øyer blir 50 utvalde oksar transportert vidare hit til Stange. Her blir dei inndelt i grupper, slik at me kan presentere mellom 10 og 14 nye eliteoksar fire gonger i året, forklarar Storlien.

Vel og vrak

Når dyra er vel installerte i ein over snittet stor binge, ber det også inn i eit digert fotostudio, for å ta bilete til Geno sin glossy oksekatalog.

– Alle norske bønder og utanlandske importørar har tilgang på eliteoksane, og kan tinge sæd frå oksen dei meiner er den beste donoren for kvigene sine. Rundt om i landet har me også 750 personar som står klare til å inseminere, fortel Storlien.

Som på datingmarknaden elles er Muri og dei andre oksane i katalogen både styla og photoshoppa, og ved første augekast blir ein lett imponert av karane med dei største musklane og dei djupaste bringene. Men når det gjeld avl, er det altså like mykje det indre som tel.

I tillegg til godkjent eksteriør, må dei utvalde prakteksemplara mellom anna ha over snittet god sædkvalitet og «ridelyst», som det så nøkternt heiter. Samstundes må DNA-et deira borge for at det framtidige kvigeavkommet får god kjøt- og mjølkeproduksjon, godt lynne og «funksjonelle jur». I praksis betyr det jur som heldt seg friske – og som har spenar som er om lag like lange og peikar rett ned. Heller ikkje her er det estetikken det står om. Eit standardisert jur er rett og slett enklare å smette ned i ein mjølkerobot.

Genotyping og DNA-informasjon åleine er altså langt frå nok for å få ein perfekt match mellom okse og kvige. Det er først når Geno veit korleis kviga som skal inseminerast, mjølkar, føder og tek seg av kalven, saman med DNA-infoen frå kvart enkelt dyr, at dei kan avgjere kva for avlsverdi den nyfødde kalven vil få.

– I mange land er kyrne ofte avla fram for anten å produsere mykje mjølk eller mykje kjøt, men ein har hatt lite fokus på helse. Dei er difor oftare sjuke og får meir antibiotika. Norsk Raudt Fe er ikkje berre i verdseliten når det gjeldt helse, men også på fruktbarheit. NRF-kyr produserer lett ein kalv kvart år, og har i tillegg enkle fødslar, forklarar Storlien.

– Kvaliteten på NRF har lenge blitt lagt merke til utanlands; at vi har oksar som gir både økonomiske og berekraftige avkom. Difor er det også veldig stor etterspurnad etter norsk oksesæd. Vi omset faktisk meir globalt enn nasjonalt.

Tradisjonen utru

Geno vart etablert av bønder på Hedmarka allereie i 1935, og kalla seg lenge NRF (Norsk Raudt Fe). Fram til då hadde norsk storfeavl vore organisert av staten. Hedmarksbøndene meinte staten la for mykje vekt på ideologi og tradisjonar i avlsarbeidet, og var slett ikkje sikre på at ein fekk mest og best kjøtt og mjølk frå heilt rasereine kyr. Dei gjekk difor saman for å jobbe meir målretta med genetikk og kryssing av dei eksisterande storferasane. Alt i 1960 var 98 prosent av alle norske kyr kryssa og slått saman til ein, stor rase – Norsk Raudt Fe. I dag er samvirket Geno eigd av nesten 8000 mjølkeprodusentar over heile landet. I fjor eksporterte dei over 399.000 sæddosar til 22 land. Samla gav det ei salsinntekt på rundt 40 millionar kroner.

Dyre dropar

To gonger i veka, blir Muri og dei andre eliteoksane vanlegvis tømde for å dekke det store behovet. Den eine av tappedagane blir sæden til Muri nytta som han er, og den andre, som i dag, blir dropane kjønnsseparerte i laboratoriet før dei blir fylte på tynne strå og kjølde ned i flytande nitrogen.

Eitt strå inneheld 0,22 milliliter sæd med 12 millionar sædceller. Det held til ein, einskild inseminasjon. Dei 40 millilitrane Muri nettopp har levert, skal seinare vise seg å vere nok til 591 kjønnsseparerte dosar. Med ein dosepris på 525 kroner, betyr det at dagens eine utløysing frå sunnmøringen gir ei samla inntekt på kring 300.000 kroner. Då gjeld det å ikkje søle på golvet, for å seie det slik.

Fantomet rir att

At Muri så raskt kasta seg over kameraten 12265 Smenes og leverte i løpet av nokre sekund, er heller ikkje sjølvsagt. Ikkje av di at han må ri ein annan okse – å ri kviger har faktisk aldri vore ein del av tilbodet hjå Geno. Om oksane ikkje vil ha den tiltenkte kompisen, er alternativet ein trebukk trekt i okseskinn. Ein fantomokse, som dei kallar det her.

– Uansett kor gode genar ein okse har, må me også sjå på lynnet og korleis han rir, forklarar Hans Storlien og stryk Muri over panna.

Han står fastbunden til ei grind like bortanfor tømmeplassen no, og dreg den ru tunga over kameralinsa. Han blir avbroten av Kåre Johansen, som lausnar tauet og tek han med bort til tømmeplassen att. Denne gongen er det Muri sin tur til å gjere seg lekker for kompisen 12265 Smenes, som snøftar og kastar på nakken bak han. Muri stirer berre tomt ut i lufta.

– Somme av oksane kan ha litt nykker. Nokon vil ikkje ri viss dei ikkje får ri den same oksen kvar gong. Andre vil ikkje ri medan folk eller dyr ser på, og somme kan bruke ein heil time på å ri opp, seier Storlien og humrar.

Det dundrar i golvet bak oss, i det halve Muri og heile Sindri forsvinn under buken til Smenes.

–Det seier seg sjølv at oksar som er vanskelege å ri opp, ikkje er lønsame i lengda. På eliteoksar som dette må jo absolutt alt fungere, seier Hans Storlien.

Han smiler nøgd i det 12265 Smenes slepper seg ned frå bakenden til 12297 Muri att. Det dundrar i golvet att:

– Og desse to karane her, dei leverer.

(faktaboks:) Legenda Braut

Oksen 10177 Braut vart fødd på Jæren i 2002 og hamna snart i fjøsen hjå Geno. Medan han levde vart han kåra til den mest populære avlsoksen i verda av bønder i blant anna Nederland, Storbritannia og USA, og fekk den norske eksportprisen seks gonger. I løpet av si 15 år lange karriere som avlsokse leverte Braut 455.000 sæd-dosar for sal og vart far til over 300.000 kalvar i 30 land. Samla tente han inn 22 millionar kroner. I Nederland gjekk han berre under namnet «The Legend».

(©NPK)