I eit ekstraordinært styremøte i Helse Midt-Noreg torsdag formiddag vart det vedteke å løyve 100 millionar kroner til sjukehuset, som eit driftstilskot for inneverande år.

Samtidig gjekk styret inn for ein regional tiltakspakke på mellom 55 og 80 millionar kroner. Desse midlane skal brukast til å avhjelpe «den særskilte situasjonen» ved sjukehuset etter innføringa av Helseplattformen, skriv avisa.

Bakgrunnen for møtet var helseminister Ingvild Kjerkols ekstraordinære føretaksmøte med helseregionen førre veke.

– Eg er bekymra for situasjonen knytt til innføringa av Helseplattformen, særleg ved St. Olavs hospital. Slik situasjonen er no, blir ikkje brukt dei samla ressursane i regionen godt nok i arbeidet med Helseplattformen. Det er uheldig og har uønskte konsekvensar for helseføretak og kommunar i Midt-Noreg, sa ho då til NRK.

Helseplattforma er ei felles digital plattform for heile helsetenesta i Midt-Noreg. Målet då ho vart innført i november i fjor ved St. Olavs hospital i Trondheim, var betre informasjonsflyt og auka pasienttryggleik.

Systemet er førebels ikkje innført nokon andre stader.

(©NPK)