– Eg var i kontakt med dei som arbeider på staden i 12.30-tida. Vi har ikkje noko nytt å gå ut med.

Det seier Jens Dahl, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Klokka 14.45 torsdag ettermiddag melde politiet at ein person ikkje var gjort greie for i samband med brannen. Fredag ettermiddag er personen framleis sakna.

Det er førebels for tidleg å seie noko om årsak til brannen.

Rundt klokka halv åtte torsdag kveld avslutta politiet arbeidet på staden der huset brann ned.

– Det har vore vakthald der i natt, men vi har ikkje jobba aktivt, seier Dahl.

Veit ikkje brannårsak

Det var torsdag ettermiddag, i 13-tida, at det starta å brenne i huset på Sandsøya i Sande kommune. Brannvesenet var på staden i 14-tida.

– Vi har starta kjøling av nærliggande løe, sa Kenneth Solvang-Søvik ved 110-sentralen då.

I 16-tida sa operasjonsleiar i politiet Leif Arne Mork at huset var totalskadd i brannen.

Brannvesenet og politiet jobba framleis på staden utover ettermiddagen og fram til litt over halv åtte. Politiet tok mellom anna avhøyr av vitne for å kartlegge kva som hadde skjedd.

Etter kvart fekk brannvesenet kontroll på brannen, og det var ikkje fare for spreiing lenger.

Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya blei innstilt for å frakte personell over til øya, og ein ambulansebåt blei tatt i bruk frå Larsnes for å få politi og brannpersonell over. Ferja skulle vere tilbake i ordinær rute frå klokka 14.35, men med nokre forseinkingar.

Verker å vere umogleg å berge

Sunnmørsposten har snakka med Sondre Bringsvor som var ved brannstaden. Han seier at det tok til å brenne i 13-tida. Lokalt brannvern rykte ut og forsøkte å sløkke.

– Huset verker å vere umogleg å berge, sa han til Sunnmørsposten i 14-tida.

Han anslår at næraste bustadhus er om lag 100–200 meter unna, og seier at det er ei løe like ved huset.