For andre gong har biblioteka i Møre og Romsdal tilbydd den digitale lesekampanjen Sommarles. Og: 4.081 brukarar har registrert seg, går det fram av ei pressemelding. I Møre og Romsdal vil det seie ei oppslutning på 19,9 prosent. Av deltakarane var 41,5 prosent gutar og 58,5 prosent jenter.

– Det er kjekt å sjå at så mange barn tek seg tid å lese også i sommarferien. Lesekampanjer som denne er viktige, og biblioteka er til god hjelp for å halde leselysta og lesekompetansen ved like, seier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

Kampanjen er eit tilbud til dei som går i 1.-7. klasse, og målet er å halde ved like og kanskje også betre lesekompetansen til barna i løpet av ferien, og ikkje minst å fremme leselyst hos ungane.