Straks avslaget kom frå kong Oscar II på det norske spørsmålet om son hans, prins Carl, kunne vere aktuell for den norske trona, satsa statsminister Michelsen på det som hos han nok hadde vore hovudsporet heile tida, den danske prinsen Carl. Realpolitisk passa det også betre, i og med at den danske prins Carl var gift med Maud, dotter til den britiske kong Edward VII, og for Michelsen var alliansen med Storbritannia den viktigaste og tryggast for det nye kongedømmet. Ulempa med den danske Carl i forhold til den svenske var at den svenske Carl snakka og skreiv norsk, mens den danske snakka og skreiv dansk. Det skulle vise seg å spele lita rolle. Michelsen har vedgått at for han var det snakk om berre desse to kongsemna. Sa begge nei, ville han gå for republikk framfor å velje ein tysk prins.Både Michelsen og Løvland og halve regjeringa var tidlegare republikanarar. Ein stor del av avisene hadde også vore republikanske få år før. Redaktøren i Sunnmørsposten, Ivar Flem, var ein glødande republikanar i sine yngre år, men etter unionsoppløysinga og når det nærma seg folkerøysting om statsforma, så halla han i retning monarkiet, sjølv om han ikkje sa det rett ut. I juni åtvara han på leiarplass mot å velje ein svensk prins til konge, og noko seinare skreiv han at «en dansk prins som norsk konge vil møde sterk motstand». Etter folkerøystinga om oppløysing av unionen og faren for konflikt med svenskane snudde både Flem og dei fleste tidlegare republikanske avisene. Årsakene var fleire: Oppløysinga av unionen var det viktigaste for dei, og alt måtte gjerast for å lette overgangen. Å utfordre kongar, tsaren og keisaren med å erstatte eit kongedømme med ein republikk, kunne skape problem. Dessutan følgde mange av dei Michelsen. Han stilte kabinettspørsmål til det norske folk i denne saka. Dersom folket ikkje seier ja til å velje prins Carl av Danmark til konge så går eg og regjeringa av, sa Michelsen, og på det tidspunktet var han truleg den mest populære og elska statsminister Norge nokon gong har hatt. Mange av ja-stemmene til monarkiet var nok difor stemmer på at Michelsen skulle halde fram.Dei som hadde forhandla med prins Carl av Danmark på den norske regjeringa sine vegne hadde alt fått eit ja frå prinsen og frå bestefar hans, den danske kong Christian IX. Vilkåret frå prinsen var likevel at det norske folket ville at han skulle kome. Det måtte avklarast i ei folkerøysting, og med vanleg handlekraft fekk Michelsen fleirtal for å avvikle denne berre nokre veker etter at Stortinget hadde godtatt den danske prinsen. Det skulle gjerast vanskelegast mogeleg for republikanarane i drive agitasjon. Folkehelten Fridtjof Nansen vart sendt rundt for å agitere for kongedømmet. I Ålesund samla han 4000 menneske, og i Volda fylte han kyrkja og meir til med 2000 menneske. Kronargumentet som flest fall for var nok det gamle om at ein visste kva ein hadde og ikkje kva ein kunne få. Norge hadde vore monarki sidan vikingtida. Republikk var noko nytt og moderne. Det var til og med dei som meinte at valet sto mellom monarki og anarki, men det avviste Sunnmørsposten på leiarplass.Resultatet frå folkerøystinga den 13. november viste at Sunnmøre var mest monarkistisk, Romsdal midt imellom, og Nordmøre mest republikansk. Om vi ser bort frå bykommunen Ålesund og landkommunen Haram er nei til monarki-andelen størst i eit belte frå kysten og sør og austover, og sør for fylkesgrensa finn ein ein nei-prosent til monarkiet på over 40 prosent både i Hornindal, Eid og Stryn, mens nei-prosenten var under 10 i Ytre Nordfjord. På Sunnmøre var det berre 2 prosent som ville ha republikk i Borgund. Høgast oppslutning om republikken var det i Volda med 26 prosent, Ørsta med 22 prosent, Haram og Sunnylven med 20, Ålesund med 18, Norddal med 16 og Vanylven med 15 prosent nei-stemmer. Resten av Sunnmøre hadde ein nei-prosent på under 10. Snittet for Sunnmøre var på 11 prosent. I Vestnes derimot var det 47 prosent som sa nei til kongedømmet, og på tre kommunar på Indre Nordmøre var det fleirtal for republikken. På landsplan derimot var det 79 prosent som sa ja til å ta imot den danske prins Carl som ny konge. Han aksepterte folkets ønskje og tok kongenamnet Haakon VII. Den 25. november kom han og den vesle familien hans til landet og vart tekne imot av jublande folkemasser i snøvêret i Oslo. Han avla eid til Grunnlova i Stortinget den 27. november og vart krona til norsk konge 22. juni 1906. Alt dette er historiske hendingar som vi skal kome tilbake til utover i året.

Norges nye kongefamilie, portrettert like etter at dei kom til landet.