Onsdag er det ekstraordinært styremøte ved Høgskulen i Volda (HVO). Styret skal legge fram sine vurderingar og innstillingar til gunstige vegval i høgskulereforma. Johann Roppen ønskjer å fortsette som sjølvstende med eit samarbeid med Universitetet i Bergen.

- Dette er den viktigaste saka på 20 år, sidan HVO vart oppretta. Eg er trygg på at vi er i god posisjon til å finne gode og varige løysingar, seier Roppen.

Endring i vente

Kunnskapsdepartementet har no gjeve høgskulen kriterier for den framtidige grunnskuleutdanninga, som er ein av lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda. Roppen fortel at dei må tygge på kva det betyr for høgskulen, og på styremøtet vil ein dekan leggje fram kriteria munnleg.

- Eg trur ikkje at dei nye kriteria vert avgjerande for kva veg høgskulen skal gå. Vi kan fint oppfylle vårt samfunnsoppdrag åleine, seier Roppen.

Høgskulen i Volda skal ha eit felles styreseminar med Høgskulen i Sogn og Fjordane i mars. Etter styreseminaret må HVO ta stilling til vidare framdrift i struktursaka. Dersom HVO ønskjer å vere med i planane om ein Profesjonsskule på Vestlandet må dei seie ja då.

Sogn og Fjordane?

Det mest nærliggande samanslåingspartneren for Volda er Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Folk kjenner best til Høgskulen i Sogn og Fjordane, som ligg nærast oss og har nynorsken, seier Roppen.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har vore uklåre med Volda om dei ønskjer samanslåing. Rektoren meiner at sjansane aukar ved ein felles høgskule på Vestlandet, der også Høgskulen i Stord/Haugesund er med.

- Eg føler vi har opne armar i alle retningar, og at vi er attraktive for andre. Styret vil vedta kva som skjer med HVO, og det kan ingen overprøve, seier Roppen.