Prosjektet WinSys, som er eit samarbeid mellom forskingsinstitusjonar, næringsaktørar og forvaltning, har fått støtte i den siste tildelinga frå Forskingsrådet.

– Utviklinga innan havvind skjer veldig raskt. Vi vil bruke den første havvindparken i Noreg til å skaffe kunnskap om effektar av flytande turbinar, slik at denne kunnskapen kan brukast ved planlegginga av seinare utbyggingar, seier prosjektleiar Karen de Jong i ei sak på nettsida til HI.

Hywind Tampen er Equinors anlegg for å forsyne Snorre- og Gullfaks-felta i Nordsjøen med elektrisk kraft. Den skal bestå av 11 flytande vindturbinar og blir den første flytande vindparken i den norske delen av Nordsjøen.

Forskarane skal sette ut ein observasjonsplattform for å samle data på Tampen-anlegget. Plattforma består av ein modul med ekkolodd og mikrofon som skal stå fast på havbotnen, og ei større flytebøye utstyrt med kamera og ulike sensorar. Målet er å sjå om turbinane tiltrekker seg pelagisk fisk. Kamera vil også fange opp interaksjonar mellom fisk og sjøfugl, og ein vil studere effektar av støy og oppvelling.

I tillegg skal forskarane samle data gjennom tokt med forskingsfartøy og dronar, for å følgje utviklinga i eit større område rundt vindparken. Målet er å utvikle ein modell som kan brukast til å vurdere ulike scenario ved planlegging av vindparkar til havs.

– Sidan dette er den første norske havvindparken har vi stort fokus på metodeutvikling. Tampen blir vårt testområde for å utvikle metodar og modellar for å vurdere miljøpåverknad og sameksistens med fiskeri, seier de Jong.

(©NPK)