Dette seier fagleiar for tilsyn i Statens vegvesen, Rune Granum til Sunnmørsposten. Det var NRK som først skreiv om saka, som handlar om Langvatn Trafikkskule i Volda. Nokre dagar før melde NRK om ei anna sak, der køyrelærarar, mellom anna i Førde og Stryn, skal vere tekne i å jukse ved å gje kvarandre personleg førarkompetanse dei ikkje har gjennomført.

Tips – og infiltrasjon

Saka i Volda er avdekt på grunnlag av tips, og personar frå Statens vegvesen som har infiltrert kursa. Seksjonsleiar Rune Granum i Statens vegvesen seier seg på dette grunnlag heilt sikker på at det skal vere gjennomført til dels omfattande juks ved køyreskulen i Volda.

– Vi har hatt våre folk inne på kurs der og vi er sikre i vår sak. Difor vart det også ein slik reaksjon frå vår side.

– Vi har elles ikkje gått aktivt ut med denne informasjonen, men når det no kjem opp i media så vil jo saka svi endå hardare, vurderer Granum.

– Feilrapportert opplæring

Granum seier at åtte månaders inndraging av opplæringsretten uansett er ein svært streng reaksjon frå Statens vegvesen.

– Opplæringa av unge, ferske yrkessjåførar er ikkje fullført i tråd med regelverk og i samsvar med innmelde rapportar.

– Derimot var vi langt meir usikre på om vi skulle gå inn og underkjenne papira til dei som uskuldig har gjennomført opplæringa si på sviktande grunnlag, seier Granum.

– Kva vart konklusjonen?

– Vi landa på at det var uråd å kunne dokumentere at alle var i lik situasjon. Og alle har trass alt gjennomført teoretiske prøver som er godkjende av oss. Difor får dei behalde papira sine, fortel Granum.

– Dei du møter i store bilar

– Kva er verst med ei slik sak?

– Vi vil alle kjenne oss trygge på at dei som fraktar oss i store bussar, dei vi møter bak rattet i storbilar og alle som får ansvar for slike store krefter i trafikken, skal vere best muleg rusta.

– I dette tilfellet gjeld det i stor grad heilt unge og ferske sjåførar, seier Rune Granum.

NRK har fått denne korte kommentaren frå innehavaren av Langvatn Trafikkskule: «Vedtaket er påklage. Ut over dette har ikkje trafikkskolen kommentar.»

Sunnmørsposten har heller ikkje fått svar.

Anna køyreopplæring ved trafikkskulen i Volda er ikkje råka.

Storbilansvaret: Yrkessjåføropplæringa omfattar alle som køyrer storbil som fraktar personar eller gods for pengar. Arkivfoto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset