Det går fram av ei pressemelding frå kommunen. Det er ikke noko grunngjeving for avgangen.

"Etter møte mellom rådmannen Ann-Heidi Paulsen Orvik og Sandøy kommune fredag 16. desember kom partane fram til einigheit om å avslutte arbeidsforhaldet mellom rådmannen og Sandøy kommune" er den korte meldinga frå Sandøy kommune.

Ny konstituert

Kim-Andrè Breivik er konstituert rådmann i rådmannen sitt fråvær. Kommunestyret vedtok dette tysdag 13. desember.

"Kommunen, representert ved ordførar Oddvar Myklebust, takkar ho for arbeidet ho har gjort i si stilling som rådmann", står det vidare i meldinga.

Ifølgje Romsdals Budstikke har det vore mistillit mellom kommunestyret og rådmannen, og tillitsforholdet har vore grundig diskutert i fleire av partia.

Hemmelegstempla brev

Ordførar Oddvar Myklebust seier til avisa at rådmannen etter hans meining er fagleg dyktig, men at ein har saker som kunne ha vore handtert annleis.

Ifølge Romsdals Budstikke tok diskusjonen av etter endringar i prosedyrar for tilsettingar. Dei er no delegert bort frå rådmannen til eit eige utval. Ifølgje same avis, førte dette til at rådmannen skreiv eit hemmelegstempla brev til ordføraren, der ho ville ha ei avklaring omkring tilsettingar. I dette brevet, som Romsdals Budstikke har fått tilgang til, skal det ha vore sterke skuldingar mot politikiarar.

Likar ikkje

Ordføraren stadfestar at det er kome eit slikt brev, og seier i ein kommentar at "Vi skulle gjerne ha vore brevet forutan".