Ulsteinvik er pynta med norske flagg og hekkar. Det er ikkje ein sur person og sjå, for i dag er det feststemning i Ulsteinvik. I dag feirar vestlandsbygda verdsmeisteren, Karsten Warholm.

– Det er vårt påfunn å sette opp litt flagg og hekkar, smiler ordførar Knut Erik Engh. Han står utanfor rådhuset og lyser av glede i ein grøn dimnagenser.

Kaker kjem på laupande band, og både det nasjonale og lokale pressekorpset har møtt opp.

Lykkerus

– Vi går berre rundt og gliser, fortel ordføraren medan han står og pratar med Karsten Warholm sin gamle trenar Arve Hatløy.

– Eg har ikkje landa heilt, held han fram.

Det vore ei lang natt med feiring og samtalar for dei begge.

– Det har ikkje gått heilt opp for meg endå, forklarer Hatløy som har vore svært oppteken i dag med å svare på spørsmål frå pressa.

Han har endå ikkje snakka med Karsten, men han seier han har sendt melding til gullguten frå Dimna.

Dimna på kartet

– Det er nesten uverkeleg, og det har ikkje heilt gått opp for oss kor stor dette er. Eg måtte knipe ordføraren i armen, og han meg. No er Dimna IL verkeleg på kartet, forklarer styreleiar i Dimna IL, Trond Berg, medan han gliser.

Han og resten av Dimna IL er utruleg taknemmelege for måten Karsten representerer dei ute i verda.

– Det er så fint å sjå at Kasten tek med seg klubben og nemner oss i det store samanheng, og det er det som er fantastisk med dette idrettslaget. Vi er ei stor familie, forklarer han.

Han trekker fram gårsdagens intervju som eksempel, der Karsten helsa heim og takka.

– Karsten inspirerer

F.v. Kornelia Roppen (15), Anna Kleven (15), Jonas Andre Ose (15), Sture Måseide (17). Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

På rådhuset var det også unge friidrettsspirer å treffe. Dei kunne fortelje at Karsten er ei kjelde til inspirasjon.

– Eg spring sjølv 400 meter hekk, og veit kor mykje det krevst for å gjere det bra. Eg ser til Karsten for inspirasjon, forklarer Kornelia Roppen (15).

Ved sidan av ho sit Jonas Andre Ose (15), Sture Måseide (17) og Anna Kleven (15).

– Det var heilt utruleg å sjå Karsten springe. Det er det råaste eg har vore med på, fortel Ose.

Les også: Kan bli fleire medaljar til Dimna