Hoven Loen AS skal bli ein ny turistattraksjon i indre Nordfjord. Ei gondolbane, eller pendelbane, til 70 millionar kroner skal opne i mai 2017.

Styreleiar Leif Riksheim i Hoven Loen AS er ikkje uroa, men trur at 65.000 turistar er eit forsiktig anslag.

Cruisetrafikk er berebjelken

Cruisehamna i Olden ligg nokre kilometer unna Loen, og du ser Hoven frå hamna. I tillegg vil også cruisepassasjerar frå Geirangerfjorden kunne bli bussa til Loen.

– Cruisetrafikken utgjer berebjelken, og cruiseselskapa har vore veldig positive til Hoven Loen-prosjektet, seier Riksheim.

Bjørg Næss i Geiranger Cruise Handling har lang erfaring med å arrangere utflukter for cruiseturistar som kjem til Hellesylt/Geiranger og til Olden.

– Eg har veldig tru på Hoven-prosjektet i forhold til cruise, seier Næss og fortel at prosjektet alt er begynt å bli kjent blant cruisereiarlaga.

Og ho stadfestar at fleire har uttrykt begeistring.

(Artikkelen held fram under bildet)

TRU: Til fleire produkt ei hamn tilbyr, til betre er det, meiner Bjørg Næss. Ho har stor tru på pendelbane til Hoven. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Mange turar frå Hellesylt

Næss fortel at dei i dag sel mange turar frå Hellesylt til Briksdalen, med innlagt fottur til breen, før turistane reiser vidare over Strynefjellet til skipet som ventar i Geiranger.

– Det er fullt mogleg å få til opplegg frå Hellesylt til Hoven og vidare til Geiranger. Det vil bli ein populær tur, meiner Næss.

Ho meiner potensialet er stort, med minst 300.000 cruisepassasjerar i Geirangerfjorden kvar sommar og 100.000 på Nordfjorden.

– Så det er litt å ta av, seier ho.

Meir om saka: Har nær 100 mill. - Doppelmayr vurderer å investereKlart for bygging av taubane i Loen

Strandafjellet har cruise-potensiale

Dagleg leiar Stian Græsdal i Strandafjellet skisenter opplyser at dei i år har hatt til saman 5.000 gjester i den sommaropne gondolbana. Bana var open dagleg i fellesferien, og seinare kvar helg.

– Av dette er to cruiseanløp, med 80 til 100 per anløp. Det er ikkje det heilt store, men vi vil satse meir på cruise. Potensialet er der, seier Græsdal.

Dette er Næss eining i:

– Roalden er ei nydeleg utflukt, men det er viktig at tilbodet gjeld heile sommaren. I år skulle to skip på Hellesylt ha utflukt dit, men første anløp var så tidleg at gondolen ikkje var opna. Då droppa dei turane seinare på sommaren også.

Leif Riksheim frå Ålesund er styreleiar i Hoven Loen AS. Foto: Anne-Mari Tomasgard