Stortrivst: Oskar Johannes Løken er ikkje lenger «berre» Hødd-spelar. Han har dei to siste vekene jobba som hjelpearbeidar i Havåg Bygg, og stortrivst. Lokalavisa møtte han på ein byggjeplass på Vollane i Ulsteinvik, der han var i full sving med å hjelpe til å ferdigstille ein einebustad. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Vikebladet Vestposten

No bankar han inn både mål og spikrar

Hødd-spelar Oskar Johannes Løken har berre jobba i Havåg Bygg i to veker, men føler at han har funne noko som gir han stor meistringskjensle. – Hadde det ikkje vore for denne jobben er det ikkje sikkert eg framleis hadde vore Hødd-spelar, eller spelt fotball i det heile, seier han til Vikebladet Vestposten.