Ifølgje Sulaposten, som først melde om det moglege erstatningssøksmålet, har Boligareal satsa på bustadprosjekt i Sula til ein verdi av over 500 millionar kroner.

Det var 8. desember Bull og Co. Advokatfirma AS på vegner av Boligareal AS sende eit søksmålsvarsel til Sula kommune.

Grunnen var ifølgje advokatfirmaet Sula kommune si manglande handtering av avløpssituasjonen – og at Boligareal skal ha lide økonomisk på grunn av dette.

Konkret kor store summar det er snakk om, er ikkje spesifisert.

Dagleg leiar i Boligareal, Runar Hanken, ønsker heller ikkje å kommentere dette.

– Det er på grunnlag av at vi meiner Sula kommune ikkje har utført pliktene sine etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, og at vi på grunn av dette ikkje får utført arbeidet vårt her, seier han til Sunnmørsposten om kvifor dei vurderer søksmål.

I søksmålsvarselet listar advokatfirmaet opp ni konkrete byggeprosjekt som skal ha blitt skadelidande av byggestoppen.

Byggestopp

Det var 25. januar 2023 Sula kommune melde at dei hadde innført byggestopp.

I forkant av nyheita hadde dei som søkte om byggeløyve for bustader i Sula fått ei førehandsmelding om avslag på søknad tilbake frå kommunen.

Byggestoppen gjaldt alle typar bygg som har innlagt vatn og avløp.

– Situasjonen i Sula kommune er rett og slett at vi ikkje har gode nok reinseløysingar for kommunalt avløp, sa kommunalsjef Jørn Agersborg til Sunnmørsposten.

Miljøverndirektør ved Statsforvaltaren, Linda Aaram, presiserte at det ikkje er Statsforvaltaren som har pålagt byggestopp i Sula, men at det ikkje er urimeleg å tolke signala frå Statsforvaltaren som om at dei har sett ned foten.

Seinare har Sula kommune moderert seg frå at det er byggestopp til at det er restriksjonar på kva som kan byggast.

Den manglande avløpssituasjonen blir ordna så fort Ålesund og Sula sitt felles reinseanlegg på Kongshaugen i sistnemnde kommune er på plass.

Men prosessen blir stadig forseinka, seinast fordi det ikkje er kome til einigheit med grunneigarane på Kongshaugen.

Den planlagde oppstarten i januar i år er forseinka med fleire månader.

Kommunen avfeiar

Sula kommune svarte Bull og Co. Advokatfirma 20. desember.

Der skriv dei at dei meiner vilkåra for erstatning ikkje er til stades.

– Det ligg ikkje føre ansvarsgrunnlag og kravet til årsakssamanheng er heller ikkje til oppfylt, skriv kommunen.

23. desember svarte advokatfirmaet. Der ønsker dei ei grunngjeving frå kommunen for deira ståstad så snart som mogleg.

– Dersom vi ikkje får svar og etterspurde bevis innan 9. januar, vil rettslege skritt bli sett i verk, skriv advokatfirmaet.

Kommunedirektør i Sula, Bente Glomset Vikhagen, bekreftar at dei er varsla om det moglege søksmålet – og at dei kjem til å gi Boligareal svar via advokaten deira.

– Det stemmer at vi tok imot eit varsel om eit mogleg søksmål. Det svarte vi på 20. desember. Så tok imot vi ein ny e-post frå Boligareal sin advokat med nokre spørsmål som dei ønskte vart grunngitt nærare frå oss. Den skal vi svare på, men om vi rekk det i dag tør eg ikkje love, seier Bente Glomset Vikhagen til Sunnmørsposten klokka 12.45 måndag.

Kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen seier at dei jobbar med eit nytt svar til Boligareal sin advokat. Foto: Arkiv