Sande kommune vedtok tysdag å setje ned formuesskatten til fem promille. Dette med verknad frå 1. januar. Kommunen vedtok også å setje ned den same skatten til to promille frå 1. januar 2024. Det melder NRK Møre og Romsdal.

– Ein del av årsaka er å få fleire folk til kommunen. Også å få folk med kapital som har lyst å satse i kommunen vår, seier ordførar Olav Myklebust til kanalen.

Myklebust seier vidare at han ikkje er heilt nøgd med at mange vil kalle Sande for eit skatteparadis:

– Vi er eit paradis, men det er ikkje meininga at vi skal bli eit skatteparadis. Det er meir at vi ønskjer å få folk som vil satse lokalt til å busette seg i kommunen, seier ordføraren til NRK.