Kommunane på Sunnmøre – og elles i landet – posisjonerer seg no som danseelevar på ein god, gamaldags danseskule. Dei smyg seg innpå den dei likar best og trur dei passar best i lag med og byr forsiktig opp til dans. Men blir det nødvendigvis dei beste para ut av det? Kan det vere at ein skal prøvedanse litt før ein etablerer faste par, og kan det vere at danselæraren bør ha eit ord med i laget?

For eksempel ser vi at Volda og Ørsta nærmar seg kvarandre, famlande, men ganske tydeleg, i vissa om at det truleg er bra match dei imellom. Dei to kommunane ser ut til å passe godt i lag, og dei peikar sjølv på at dei til saman er på storleik med fylkeshovudstaden Molde.Men kva med Vanylven og Hornindal, som står i kråa i dansesalen? Og kva med Herøy, Sande og Hareid, som no ikkje lenger står så langt unna?Det er tydelege og uomtvistelege signal frå kommunalminister Jan Tore Sanner og regjeringa om at kommunar skal slå seg saman. Messinga om at ein må få meir «robuste» einingar er ikkje til å ta feil av. At vi går inn i ein større kommunereform er ingen i tvil om – det er nettopp difor ordførarar no svirrar rundt i dansesalen med flakkande blikk. Men musikken har ikkje byrja, og vi veit knapt om det blir vals, tango eller cha cha cha. Og det er her danseskoen no trykkjer. Det kan fort verte vanskeleg dersom kommunar allereie no etablerer pardanningar. I det vakuumet som eksisterer, kan det danne seg strukturar og bindingar som legg føringar for korleis kommunestrukturen skal bli. Er det for eksempel heilt uaktuelt at ein ikkje bør ta skikkeleg i på Søre Sunnmøre, og knyte alle kommunane saman, til og med over fylkesgrensa? Med Eiksundsamband, Kvivsvegen og komande ferjefri E39, går det an å tenkje seg ein storkommune på søreluten som i likskap med ein storkommune i Ålesund-området, overtek ein god del av oppgåvene som no ligg i Molde. Ein skikkeleg og grundig regiondebatt knytt til kommunereforma, hadde vi hatt godt av uansett utfall. Anten ein endar opp i mindre grenseendringar eller meir dramatiske skifte i storleik, har vi sans for at debatten er gjennomført grundig før einingane i praksis får forma seg.