Dette seier gardbrukar Geir Hole på Remen på Vartdal i Ørsta. Dagen etter skrekk-kvelden der heile garden hans lenge stod i fare for å verte utsletta av elden, er han framleis skjelven. Og røyklukta heng framleis tung over tunet.

– Eg kjende ei intens frykt der eg stod saman med meir enn 20 brannfolk som mangla nok av det aller viktigaste: Sløkkjevatn! – Eg merka godt at også mange av brannfolka vart fortvila og rådville, etter kvart som alle freistnader på å finne vatn slo feil, seier Hole.

Berga av vindstille

– Eg veit nøyaktig kva som berga garden vår frå den totale ruin denne uhyggjelege kvelden. Det var dette nesten utrulege at det var heilt vindstille.

– Likevel har eg funne sløkte fraksjonar frå brannen heilt på andre sida av gardstunet.

– Hadde det kome berre ein einaste gneiste i turrhøyet i den gamle løa, ville alt vore over. I beste fall ville vi greidd å berga ut dyr frå fjøsen, grøssar Geir Hole. Han fortel om ein langvarig problematikk med vatn i dette området.

– No må noko gjerast. Her er ei rekkje hus i nærleiken, og vi kan ikkje leve med den frykta som eg opplevde så intenst i natt. Det unner eg ingen.

– Det blir elles ekstra tungt å betale eigedomsskatten dersom kommunen ikkje set i verk hastetiltak i denne saka, seier Geir Hole.

Den store stovebygningen til familien står berre 15 meter frå den gamle lødebygningen, som uansett skal rivast.

– Men hadde vi fått eld som rivingshjelp denne kvelden, så hadde også resten vore kvittert ut og lagt i ruinar.

– Forferdeleg

Brannsjef Thomas Winter Leira i Ørsta var sjølv på Vartdal som brannbefal onsdag kveld.

– Korleis opplevde du som både brannsjef og som brannmann å stå der utan nok vatn til å ta kontroll på brannen?

– Det er enkelt forklart, det var forferdeleg! Dette er ein situasjon ein verkeleg ikkje ønskjer å stå i, seier brannsjefen. Han fortel at det var svært lite om å gjere at mannskapa hadde lukkast med å sløkkje med vatnet dei sjølve hadde med.

– Vi hadde 15.000 liter på tankbilen og eit par tusen liter på den andre brannbilen, pluss den lokale frå Vartdal. Det hjelpte berre ikkje når vi ikkje fekk fullført nedkjølinga, konstaterer Winter Leira.

Bygder manglar vatn

– Kva var det som førte til den fatale vassmangelen?

– I dette tilfellet kan det verke som vi var ekstra uheldige. Først var ein brannkum nesten utan vatn og trykk.

– Så la vi ut heile 400 meter slange ned til ei elv som dei lokale mannskapa peika ut. Når det synte seg at denne elva var tørr, så hadde vi ikkje anna alternativ enn å tilkalle kollegakorpset vårt i Volda med tankbil, fortel brannsjefen.

Men dette tok tid, og hadde først brannen spreidd seg slik mange ei stund frykta, ville ikkje voldingane ha nådd fram. Brannsjefen i Ørsta var torsdag i kontakt med kollegaen i Volda med tanke på tettare samarbeid i liknande situasjonar.

– Det er ei kjensgjerning at det fleire stader på bygdene og i grisgrendte strok er mangel på sløkkjevatn.

– Dette skal vi no gå i gang med å kartleggje, med tanke på både tiltak og best mogeleg beredskap, seier Winter Leira.

Fortvila brannmannskap måtte til tider hale på tomme og flate brannslangar då det brann som mest. Foto: Knut Arne Aarset
Her går både flammar, røyk og gneistar til alt hell rett til himmels. Bustadhuset til familien Hole til høgre. Foto: Knut Arne Aarset