(Fjordingen) Det var i oktober 2016 at Sunnmøre Caravan etablerte seg med utsalg av campingvogner og bubilar på Vikaøyrane.

No har dei altså endra namn til Nordfjord Caravan og ønskjer med det å signalisere endå tydlegare tilhøyrsle til området.

– Eigaren er den same som før, det er Magnar Romestrand, som også eig Sunnmøre Caravan. Men vi er skilt ut i eit eige AS. Reint praktisk betyr det lite endringar, forklarar dagleg leiar Vidar Sunde.

Dei samarbeider tett med «søsken-selskapet» på Ørskog, og utvekslar mellom anna vogner og bubilar til utstillingane.

Viktig verkstad

Selskapet har fått ein god velkomst i Stryn og omsette i 2017 for 22 millionar kroner.

– Vi hadde vel håpa på at vi skulle klare 20 millionar, så at vi klarte å passere det er kjempepositivt, seier Sunde.

Han tykkjer det også er gledeleg å sjå at butikkdelen med smått og stort av campingutstyr åleine har bidrege med ca 1 million.

– Eg trur det er mange som ikkje ein gong har fått med seg at vi har ein slik butikk, seier han, og trur difor at også denne har eit større potensial.

I fjor sommar fekk ein på plass verkstad, i lokale rett over vegen, ved sidan av Viking.

– Her tilbyr vi det meste av service og reparasjonar. Vi reiser også ut på campingplassane og bistår der. Visst det er større ting nyttar vi verkstaden i Ørskog, fortel han. Det er Ivar Breidablik som leier verkstadbiten, og denne har synt seg så viktig at ein allereie i mars utvidar med ei ny stilling her.

– Verkstaden er eit veldig pluss for oss, seier Sunde, og peikar på at det gir kunden ekstra tryggleik ved ein handel, å vite at ein har hjelp nærme unna dersom noko skulle skje.

Vidare vekst

Men når det gjeld kundar er det langt frå berre stryningar som handlar.

– Vi er ganske åleine i området. Førde og Ålesund er det næraste. Flest kundar har vi kanskje frå ytre Sunnmøre, som Ulsteinvik, Fosnavåg og Hareid. Men også Ørsta og Volda, seier Sunde.

Han ser lyst på vidare vekst for avdelinga som no er blitt eige selskap.

– Eg har tru på at vi skal klare å selje 60-70 einingar dette året, seier Sunde, og viser til to «solgt»-skilt berre denne veka.

Denne saka vart først publisert i avisa Fjordingen

foto
Også butikken med «alt» av utstyr til campingferien har vist seg å gå veldig bra, og omsette åleine for kring ein million i fjor. Arne Martin Fjørtoft har ansvaret for denne. Foto: Roy Aron Myklebust, Fjordingen