Mange lemen er den siste tida blitt overkøyrde på vegane i Valldal.

Han er komen opp i 60-åra, men har aldri tidlegare opplevd eit så stort lemenår som i år.

Sunnmørsposten har ved sjølvsyn sett lemen i gatene i Valldal sentrum, samt fleire stader både oppover Valldalen mot Trollstigen – og på vegen mot Fjørå. Mange av dei var daude.

Drepne

– Vi har både katt og hund, så det har lege seks-sju daude lemen ute kvar morgon, legg Sandnes til.

Asgeir Heggen, røynd mann hos Tafjord Kraft, er ofte oppe i fjella. Han stadfestar at det er eit uvanleg stort lemenår i år.

– Eg kan hugse noko liknande ein gong før. Det var på slutten av 60-talet, seier Heggen – som fortel om lemen på vegane over heile distriktet i haust.– Det er uvanleg mykje lemen, ja, legg Viktor Valdal til. Han har sett lemen heilt nede ved Muritunet no i haust.

Professor

Lemeninvasjonen i Valldal er nytt for biologiprofessor Rolf Anker Ims, spesialist på nettopp lemen:

– Eg har fått ein liknande rapport frå Telemark. Men at det også er lemenår på indre Sunnmøre, visste eg ikkje, seier Ims.Han legg til at for to år sidan var det lemenår over store delar av landet, frå Finnmark til Hardangervidda. Difor er det litt overraskande at det allereie no er mykje lemen igjen fleire stader i Norge.Professoren fortel at det vanlegvis går mellom tre til fem år mellom kvart lemenår.

Vandring

Og når bestanden når ein topp, startar ei vandring. Ims seier at det framleis er mykje ein ikkje veit om kvifor denne vandringa skjer, kvifor dei kan hamne heilt nede i byar og tettstader.

– Det er eigentleg ei gåte som har vore mykje diskutert. Lemen oppfører seg annleis enn andre smågnagarar. For det er berre lemen som vandrar. Kanskje skuldast det matmangel, kanskje er det eit stressymptom. Mange av dei er nemleg temmeleg sinte, seier Rolf Anker Ims.

Han legg til at for dei som lever av lemen, og det er alle rovdyra, er sjølvsagt lemenår ein einaste stor fest. Resultatet blir difor gjerne fleire rovdyr året etter.