Det skriv Vestlandsnytt tysdag.

Asylsøkjarane som kjem til dei to mottaka i Herøy har vore innkvarterte ved Oslo Convention Center i Vestfold.

Børre Waagan som er dagleg leiar for mottaka som blei etablerte av Christineborg Gjestehus, gler seg til å fylle opp sengene. Men førebels veit han ikkje så mykje om dei som kjem.

– Vi veit at dei er venta til Herøy i løpet av veka, men har ikkje fått noko eksakt tidspunkt. Vi veit heller ikkje korleis asylsøkjarane blir transporterte hit, kva land dei kjem frå eller samansetninga av menn og kvinner. Men det dreiar seg altså om 180 asylsøkjarar noko som inneber at vi fyller opp kvar einaste seng i mottaket, fortel han til avisa.

Les også: Ordføraren kritiseres for rolleblandingLes også: Får 7,5 millionar – utan at det kjem flyktningar

Mottaka har 12-14 tilsette som vil gå i turnus med å ta vare på dei som skal bu der.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook