Politiet stoppa ein personbil i Ørsta sentrum tirsdag ettermiddag etter melding om at to personer sat oppå biltaket under køyring.
– Bilføraren, ein 18-åring erkjente saka og blir meldt for dette, opplyser operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.
Ingen vart skadd i kjøreturen, men den ferske føraren blei fråteken førarkortet inntil vidare.
Politiet opplyser at dei har fått inn fleire meldinger om uforsvarleg køyring i Ørsta sentrum.
- Vi ber trafikantar om å ta hensyn til dei som bur i sentrum og øvrig trafikk, skriv politiet i politiloggen tirsdag kveld.
Dei vil no halde fleire kontrollar i området.