Det seier Torill Slettvoll, konseptsjef, kreativ leiar og hovudaksjonær i Slettvoll Møbler AS på Stranda.

«Slettvoll Hjem» heiter den nye boka som møbelbedrifta gjev ut for eiga rekning.

Mellom anna blir vi tekne med inn i to spesielle bustadhus i Ålesund og Stryn.

14 heimar

I ein koloss av ei bok blir vi tekne med inn i 14 hus, leiligheiter, hytter og to hotell – i Norge og Sverige – for å sjå korleis dei har det med møblar frå Slettvoll.

– For fem år sidan, då bedrifta fylte 60 år, gav Aschehoug ut boka «Velkommen hjem», som handla om oss. Det er ei bok som vart seld i 8.000 eksemplar, og inneheldt mykje om historia til bedrifta. I denne nye boka konsentrerer vi oss om hus og møblar, fortel Slettvoll.

Dette er ei påkosta bok, men så går det også bra for bedrifta. Slettvoll sine 18 butikkar selde i fjor for 310 millionar kroner. I år aukar omsetninga til 340 millionar, fortel Kristine Landmark, administrerande direktør hos Slettvoll.

Kvinner i fleirtal

Det er nemleg kvinnene som styrer her. For i tillegg til Torill Slettvoll og Kristine Landmark, så møter vi Mariann Håbet som er økonomisjef og Karoline Hole Fløtre som er sjef for kundeservice. Og hadde vi reist innom kontoret i Ålesund, så hadde vi også møtt på merkevaresjef Liv Norun Moe.

– Dette med kvinner i sjefsjobbar er ikkje noko vi har vore særleg opptekne av. Det har meir eller mindre blitt slik av seg sjølve. Men det er no gjerne slik at vi kvinner er meir opptekne av møblar og interiør, seier Torill Slettvoll.

Ho reknar etter og finn ut at sanneleg er kvinnene i fleirtal også i styret for bedrifta.

Satsar i Malmø

Det skjer heile tida noko nytt rundt bedrifta, noko som dei også ser på som nødvendig om ein skal følgje med i tida.

– Akkurat no planlegg vi å opne ein butikk i Malmø. Vi har hatt ein der tidlegare, også. Men han låg feil plassert og vart lagt ned i 2011. Så neste år opnar vi ein ny butikk i sentrum av byen.

I 2017 vil Slettvoll difor ha butikkar i Ålesund, Tromsø, Trondheim, Bergen, Haugesund, Stavanger, Kristiansand, Tønsberg, Drammen, Kolsås i Bærum, Lillestrøm, Gjøvik, Ski, Moss, Stockholm, Gøteborg, Malmø – og sist, men ikkje minst, butikken på Skøyen i Oslo. Dette er flaggskipet, med 21 tilsette og ei omsetning i fjor på 64 millionar kroner.

Suksessoppskrifta

Ein får altså berre kjøpt Slettvoll-møblar i Slettvoll-butikkar. Torill Slettvoll meiner det er suksessoppskrifta. For dermed får dei full kontroll, kan bestemme vareutvalet – og lære opp sine eigne folk til gode ambassadørar for Slettvoll.

– Korleis vil du seie at Slettvoll-møblane skil seg ut?

– Vi har vår heilt eigen, nokså tidlause stil. Våre møblar er ikkje billige, men dei skal halde i mange år, både kvalitetsmessig og stilmessig.

Sjølv likar dei å fortelje at Slettvoll-møblane er som den lille, svarte kjolen. Den passar over alt og kan tilpassast mange ulike stilar.

Norskprodusert

– Alle vår sittemøblar er laga her på Stranda. Fabrikken har vi rusta skikkeleg opp den siste tida, noko som viser at vi satsar vidare på å produsere i Norge.

Tidlegare i år tok Slettvoll Møbler imot prisen «Årets bedrift» i Møre og Romsdal.

– Det var kjempekjekt å få den prisen. Det var ei oppmuntring til alle våre 85 tilsette her på Stranda og i Ålesund, seier Torill Slettvoll.

Storfjord Hotell i Skodje har handla mange av møblane sine hos Slettvoll. Foto: Foto frå boka
Slettvoll si nye bok. Margaret de Lange har vore hovudfotograf. Foto: Terje Engås
Nokre av dei kvinnelege sjefane: økonomisjef Mariann Håbet (f.v.) konseptsjef og kreativ leiar Torill Slettvoll, adm.dir. Kristine Landmark og kundeservicesjef Karoline Hole Fløtre. Foto: TERJE ENGÅS
Ansatte på Slettvoll Møbler AS. Foto: DAGFINN JOHANSEN