– Vi skal vere til nytte for andre og gjere det lettare å vere nynorskbrukar. Med ei løyving på 10,1 millionar kroner kan vi utvikle endå betre publikumstilbod for både barn, unge og vaksne, seier ein svært nøgd direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum om statsbudsjettet for 2009. – Vi når alt ut til svært mange. No får vi meir pengar for å nå ut til endå fleire. Då er det berre ein ting som gjeld. Det gjeld å skjerpe seg, seier Grepstad. Driftstilskotet frå staten har auka med heile 35 % dei tre siste åra. Det gjer Nynorsk kultursentrum til ein av budsjettvinnarane. Nynorskdirektøren ser det som eit uttrykk for at Nynorsk kultursentrum har tillit i breie krinsar. – Vi er glade for at styresmaktene ser det arbeidet vi gjer og at mange meiner det arbeidet er viktig. Pengar er ei tillitserklæring ingen kan misforstå, seier Grepstad.