Ei natt i fjor haust sat mannen i bilen på Moa og venta på ei venninne som han skulle køyre til Ålesund sentrum. Han blanda seg ein drink med vodka og Red Bull og drakk medan han venta.

I sentrum venta han meir, og han drakk meir.

Då han køyrde vidare merka han at han var påverka av alkohol. Han tenkte då at han måtte køyre fortare for å kome seg heim fort.

Mista kontrollen

Han snakka med venninna, mista kontrollen og krasja med fleire parkerte bilar i Kirkegata i Ålesund, ifølgje ein dom frå Møre og Romsdal tingrett.

Ifølgje dommen køyrde han inn i to parkerte bilar. Ein tredje bil blei skubba på av ein av bilane han trefte. Bilane fekk mindre skade.

I retten har mannen forklart at han ikkje forstod kva som skjedde. Han blei sett ut og køyrde til ein parkeringsplass, og dit kom politiet eit kvarter seinare. Han tenkte at han drakk lite, men i dag angrar han sterkt.

Må i fengsel

Møre og Romsdal tingrett har dømt mannen i 30-åra til fengsel i 21 dagar. Han må også betale 10.000 kroner i bot.

Vidare må han ta både praktisk og teoretisk prøve på nytt for å få tilbake førarkortet. Det kan skje først om to år.

Etter køyreturen blei det tatt utandingsprøve av mannen. Prøva viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,79 milligram per liter i utandingslufta. Tapstida for førarkort skal vere to år når alkoholkonsentrasjonen er over 0,6, ifølgje dommen.