Politiet melde tidlegare i dag på Twitter at dei har starta leiteaksjon etter ein mann i starten av 20-åra i Sunndal på Nordmøre. No melder dei at personen er funnen omkomen.

Mannen blei funnen 500 meter frå bustaden sin. Driva melder at krimteknikere no er på veg.

På spørsmål om det er mistanke om noko kriminelt seier Operasjonsleiar Jens Dahl dette til Driva:

– Det vet vi ikke, og har derfor alle hypoteser åpne. Vi har krimteknikere på vei til stedet for å gjøre undersøkelser.

Vedkomande vart beskrive som cirka 170 centimeter høg, mørkhuda og kledd i ein blå genser med kvit skrift og ei svart stripete bukse.

– Mannen blei meldt sakna av familien då han ikkje dukka opp igjen etter å ha forlate heimen seint i går kveld. Frivillige frå Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp deltek i leitearbeidet, seier Erik Daniel Dyb, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK Møre og Romsdal.