På 50 år har åtte av ti fuglar forsvunne frå fuglefjella våre, skriv NRK.

– Det er dramatisk å sjå korleis dei tomme tause fuglefjella eingong var levande bråkete leveområde for sjøfuglar, seier seniorforskar Signe Christensen-Dalsgaard ved Norsk institutt for naturforsking.

Nina har gjennomført eit fotoprosjekt der dei har samanlikna korleis fuglefjella såg ut før med korleis dei ser ut i dag. Dei har gjenskapt bilde frå Hornøya, Runde, Røst og Syltefjord.

– Berre på Røst hadde me 2,8 millionar lundar på slutten av 70-talet. No er det færre enn 3 millionar lundar i heile Noreg, seier naturvernrådgjevar Martin Eggen i Birdlife Norge.

Temperaturen i sjøen har endra seg, og fuglane har flytta seg nordover i takt med utviklinga saman med fisken og resten av økosystemet.

Eggen seier at samfunnet i fyrste rekke må sjå til at fiskeriforvaltinga er berekraftig, som til dømes torskefisket.

– Men me må passa på at det også er nok lodde og sild, altså dei artene som sjøfuglane lever av.

– Me må få kontroll på klimaendringane så fort som mogleg, for det 1,5-gradersmålet er allereie tapt. Så det ser ganske mørkt ut i forhold til klima.

(©NPK)