Ein mann i 50-åra er tiltalt etter ei alvorleg ulykke på ein parkeringsplass utanfor ei forretning i Furene i Volda 21. april i fjor.

Ifølgje tiltalen køyrde han truck med last og hadde svært avgrensa sikt både framover og mot sidene denne fredag ettermiddagen i fjor vår.

Statsadvokaten som har tatt ut tiltalen, meiner han ikkje var nok merksam og varsam, slik at han ikkje såg den eldre kvinna som kom gåande.

Ho blei påkøyrd og fekk alvorleg knusningsskadar på begge beina, slik at ho måtte amputere. I tiltalen går det fram at ho hadde behov for omfattande behandling og låg på sjukehus i nesten fire månader.

Politiadvokat Sander Brink er aktor i saka, medan advokat Thor Kleppen Sættem er mannen sin forsvarar.

Sunnmørsposten har vore i kontakt med forsvararen, som ikkje ønskjer å kommentere noko før rettssaka.

Advokat Espen Rekkedal er kvinna sin støtteadvokat. Han fortel at kvinna vil møte i retten og forklare seg om korleis det har vore i tida etter ulykka.

– Ho har hatt eit langt sjukehusopphald, og har etter forholda kome seg bra til, fortel Rekkedal.

Møre og Romsdal tingrett har sett av ein dag til rettsforhandlingar i Volda.