Tysdag hadde Statens vegvesen storbilkontroll på Kjøs kontrollplass i Volda kommune. I alt 110 tunge køyretøy vart kontrollerte, og resultatet vart to bruksforbod, skriftlege manglar til sju køyretøy, to sjåførar med brot på køyre- og kviletid og eit ADR-køyretøy (farleg gods) med brot.

Under kontrollen vart følgande avdekka:

  • Eit køyretøy fekk teknisk mangel for sprekk i frontruta. I tillegg fekk sjåføren åtvaring for brot på køyre- og kviletidsregelverket.

  • Eit køyretøy lasta med fisk fekk køyreforbod til det slutta å renne fiskevatn frå godsrommet.

  • Eit køyretøy fekk teknisk mangel for skade på karosseriet.

  • Eit vogntog som vart stoppa for kontroll hadde montert kufangar. Dette er utstyr som skal godkjennast, og køyretøyet må visast på trafikkstasjonen for godkjenning. Det vart i tillegg gitt teknisk mangel for skade på sidehinderet på tilhengaren.

  • Eit vogntog som utførte midlertidig kabotasje fekk bruksforbod grunna manglande opplysningar i fraktbrevet. Vidare fekk føraren åtvaring grunna brot på køyre- og kviletidsregelverket, og det vart også gitt teknisk mangel grunna sprekk i frontruta.

  • Eit køyretøy fekk teknisk mangel grunna stor ripe i frontruta, noko som skuldast defekt viskarblad.

  • Eit køyretøy fekk teknisk mangel grunna skade og lause deksel rundt ei lykt, noko som kan auke faren for personskade ved ei eventuell påkøyring.

  • Eit vogntog som transporterte farleg gods (ADR) fekk påbod om å skifte eit oransje skilt der farenummer og UN-nummer var slitte.