Rasjonering av straum kan bli nødvendig neste vår, skriv NRK.

– Då er det ein veldig anstrengd situasjon, rett før snøsmeltinga tek til igjen neste vinter eller neste vår, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

I praksis vil rasjonering bety at straumen kan bli koppelet ut enkelte timar i døgnet eller at det kjem kvotar på kor mykje straum ein kan bruke utan å måtte betale skyhøge avgifter.

Blir det nødvendig, held energiministeren også moglegheita open for at regjeringa kan gå inn og avgrense straumeksporten.

– Vi har sagt at vi skal snu alle steinar. For den situasjonen som vi har vore igjennom i vinter, og den situasjonen vi er i no, den ønskjer vi ikkje at skal vere normal i Noreg.

(©NPK)