Av: Eirik Meling

Kjent DJ speler på Volda-festival

foto
DJ-en Todd Terje heiter eigentleg Terje Olsen og kjem frå Mjøndalen. Foto: X2-festivalen

X2-festivalen i Volda melder at produsenten og DJ-en Todd Terje skal spele i Propellhallen under festivalen 2. april.

– Omtalt som ein av verdas beste DJ-produsentar og har ein enorm etterspurnad på live-marknaden verda rundt, dette vert ei unik oppleving for Sunnmøre og Nordvestlandet. Dette er eit kaliber som vil kunne trekke publikum regionalt og nasjonalt, skriv festivalen i ei pressemelding onsdag.

Todd Terje heiter eigentleg Terje Olsen og kjem frå Mjøndalen.

Festivalsjef, Mathias Remmereit seier i pressemeldinga at Todd Terje er eit namn X2 har hatt øvst på blokka i sikkert 10 år. Remmereit håper på godt besøk under årets festival, som i tillegg til musikk dreier seg om ekstremsport.

– I år er vi klar for å gjenskape festivalen som betyr enormt mykje for miljøet og området, skriv han i pressemeldinga.

Siste nytt