Fredag hadde Statens vegvesen kontroll på Ørskogfjellet. Der kontrollerte dei eitt tungt og 32 lette køyretøy.

Det førte til at tre blei melde til politiet, deriblant for manglande lys på tilhengar. Tre fekk bruksforbod for bruk av solfilm på vindauga, noko som kan ende i at dei blir melde til politiet. I tillegg blei eit køyretøy blei avskilta på grunn av manglande periodisk køyretøykontroll.

Det blei og delt ut fleire vognkort- og førarkortgebyr, samt gebyr for slitne dekk.