Slik har det i alle fall vore på store delar av Sunnmøre.

Nokre har brukt dagen i fjøra. Bente Fiskerstrand i Plastfritt Hav fortel at dei tok turen til Volsdalsberga i Ålesund. I eit strålande solskin rydda dei plast som hadde kome inn sjøvegen. Det var mykje som hadde kome inn, fortel Fiskerstrand.

Frå fjellet melder Stranda Røde Kors om stor utfart til Strandafjellet, og mykje bilde folk. Røde Kors var også ute på to oppdrag.

– Det er lite skadar å melde om til no i påska. Det vitnar kanskje om at folk generelt er flink til å ta gode val i fjellet, seier vakthavande ved Møre og Romsdal sin infosentral, Kjerstin Brautehaug.

Varsom.no melder moderat snøskredfare, faregrad 2, dei næraste dagane.

Det meste av Sunnmøre får finvêr også tysdag.

Bildet er tatt søndag. Stranda Røde Kors fekk besøk av maskoten Henry på palmesøndag. Foto: Røde Kors