Regjeringas hovudløysing på straumpriskrisa har vore ei straumstøtteordning. Frå 1. september i år blir ordninga endra slik at straumprisen blir berekna kvar time. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

– Det er framleis ein krevjande energisituasjon i Europa. I Noreg blir vi påverka av mange faktorar, og fleire av desse har vi ikkje kontroll over. Vi er vêrutsette, og vi blir i stor grad påverka av situasjonen i Europa, seier statssekretær Andreas Bjelland Eriksen i Olje- og energidepartementet til NTB.

– Vi vil aldri kunne garantere for at prisane til hausten og vinteren vil bli låge, seier han.

Regjeringa hausta mykje kritikk då straumprisane skaut i vêret i fjor sommar. Kritikarane meinte tiltaka kom for seint, og at dei ikkje trefte verken godt eller breitt nok.

Ny straumstøtteordning

Regjeringas hovudløysing på straumpriskrisa har vore ei straumstøtteordning. Frå 1. september i år blir ordninga endra slik at straumprisen blir berekna kvar time. Det betyr at ho treffer meir presist og tek meir høgd for svingingar i straumprisen gjennom døgnet. Bakgrunnen for den nye straumstøtteordninga er dei mange uvissene som kan påverke straumprisane framover, seier Bjelland Eriksen.

– Ordninga er meir føreseieleg for hushalda. Eg trur ho vil ta bort noko av utryggleiken for mange ved at ein større del av risikoen blir teken bort frå forbrukarane. Samtidig varetek ho insentiva til å spare på straumen, seier statssekretæren.

Den gamle ordninga nytta ein gjennomsnittspris for heile månaden for å berekne støtta, noko som kunne slå uheldig ut i periodar med ekstreme straumprisar.

– Vi må ikkje gløyme kor dramatisk det er at Russland strupte gasstilgangen. 40 prosent av gasstilførselen fall bort over natta. Vinteren i fjor, og utviklinga gjennom våren, viser at vi og resten av Europa klarer oss utan gass frå Russland, seier Bjelland Eriksen.

Betre enn i fjor

Ifølgje kraftanalytikarar kjem prisane på straum til å stige utover hausten. Dei trekkjer fram utviklinga i vêret, gassprisane i Europa og nivåa i vassreservane som sentrale drivarar for utviklinga i straumprisane.

Bjelland Eriksen seier at denne hausten ser mykje betre ut enn den vi stod overfor for eit år sidan.

– Vi har terminprisar inn mot vinteren som ligg på rundt 1 krone per kilowattime.

– Sjølv om vi ligg på eit høgt nivå sett i eit historisk perspektiv, er situasjonen i år annleis enn i fjor, seier statssekretæren.

Snittprisen på straum enda på rundt 2 kroner per kilowattime i heile Sør-Noreg i 2022. Det er nær tre gonger høgare enn det førre rekordåret 2021 og 20 gonger høgare enn i 2020.

– Situasjonen er framleis krevjande. Det vil ta tid før straumprisane blir normaliserte, seier Bjelland Eriksen.

Normalsituasjon

Regjeringa har sagt at straumstøtteordninga skal vare ut 2024.

– Målet er at vi kjem tilbake til ein normalsituasjon. Vi skal ikkje ha ei støtteordning på sikt. Krisetiltaka er tenkte å vare så lenge det er behov for det, seier Bjelland Eriksen.

Om ordninga skal vare lenger enn 2024, må vi eventuelt diskutere på eit seinare tidspunkt, seier statssekretæren.

Ingen kvikkfiks

Statssekretæren seier at det er summen av mange tiltak, i Noreg og i Europa, som kan bidra til at prisane etter kvart blir normaliserte.

Utviklinga i gasslagera i Europa, styringsmekanismen som gjer at kraftprodusentane sparer på vatnet i vassmagasina når vi treng det, og høvet styresmaktene har til å kunne gripe inn ved behov i ekstreme situasjonar, trekkjer han fram som sentrale grep for å betre situasjonen.

– Så skal eg vere ærleg og seie at det ikkje er nokon kvikkfiks å løyse energikrisa. Det finst ingen magiske grep som kan erstatte energien som er borte, seier han.

– Eg er sikker på at dette vil bli diskutert mykje i grende- og bygdehus i vekene framover mot kommunevalet. Det er eit viktig spørsmål også i utviklinga av lokalsamfunna. Mange har nok fått auga opp for kor viktig kraft og energi er i samfunnet, og at tilgangen på det ikkje er noko vi kan ta for gitt, seier Bjelland Eriksen.

(©NPK)