Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på pressekonferansen på Oslo lufthamn. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

– Dei regionale flyrutene er ein viktig del av samferdselstilbodet i distrikta, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i ei pressemelding.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier at dette vil gjere det lettare og billigare å reise langs kysten.

– Lågare prisar vil betre kvardagen for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg, seier Vedum.

– Det er ein gledesdag for alle oss som er opptekne av å binde Noreg saman, seier finansministeren til NTB.

Halverte prisar og fleire avgangar

Prisane på dei såkalla FOT-rutene, ruter der staten kjøper inn tenestene for å sikre eit tilbod, blir halverte frå 1. april 2024. Det skjer som ein del av utlysing av nye kontraktar på desse rutene, som kjem seinare i vår.

I tillegg skal det «leggjast betre til rette» for meir tilgjengelegheit frå Helgeland og nordover, og rutestrukturen skal endrast i Finnmark og Nord-Troms.

Flyruta Stord-Oslo blir også teken inn i FOT-ordninga. Røros lufthamn skal få fly som står parkert der over natta, slik at fly ikkje blir innstilte på grunn av morgontåka. Kapasiteten på FOT-rutene skal auke i tråd med at ein ventar meir etterspurnad, også på helikopterruta Værøy-Bodø.

Ikkje moden for nullutslepp enno

I neste anbodsrunde skal det stillast krav til nullutslepp, men regjeringa meiner at marknaden ikkje er moden for at dette skal skje enno. Likevel er dei opne for å bidra til utviklinga.

– Det er arbeid i gang for å sjå om vi kan inngå ein pilotkontrakt for å starte med nullutslepp og modne marknaden, seier Nygård til NTB.

Nestleiar Jo Bjørn Skatval i Norsk Flygerforbund er fornøgd.

– Det er veldig positive signal og i tråd med strategien som er lagt fram tidlegare. Vi er spent på vidare oppfølging og kvalitetssikring, seier han.

Han legg til at det bør vere ein sunn ekspansjon, og at det er viktig at ein ikkje berre går for det billigaste anbodet, men satsar på kvalitet frå A til Å.

– Vi kjem til å vere frampå med det unike perspektivet vårt frå 20.000 fot, seier Skatval.

(©NPK)