For fjerde året på rad har Hotel Union i Geiranger invitert Søndagsskulen Sunnmøre krins til å lage eit eige barneopplegg kvar dag i påska.

– Eg kom i kontakt meg Helge Åkernes frå søndagsskulekrinsen i 2011, då han hjelpte oss med å få i gang att søndagsskulen vår her i Geiranger, fortel Monja Mjelva.

– Dyktig og entusiastisk

Og Åkernes imponerte dei lokale søndagsskulelærarane i bygda så stort, at Monja Mjelva ville invitere han tilbake i påska.

– Helge var så dyktig og entusiastisk, seier Mjelva.

– Det er utruleg artig at dei ville invitere meg hit, svarer Helge Åkernes, søndagsskulelærar i 18 år og nyleg avgått søndagsskulekonsulent.

(saka held fram under)

«Påskens mysterium»

Han har laga til eit eige opplegg som han gjennomfører kvar dag i påska, frå skjærtorsdag til og med 1. påskedag.

– Vi dramatiserer det som skjedde i påska, og som gjer at vi feirar denne høgtida. Vi skal lage kors, vi har med hoppeslott, det blir legobygging – og det blir skattejakt i alle hotellet sine krikar og krokar med rebusar som skal løysast. Heile opplegget har vi kalla «Påskens mysterium», seier Åkernes.

– God respons

Både han og Monja Mjelva fortel om god respons frå borna. På det meste har det vore 25 born som har vore med.

I tillegg er responsen frå dei vaksne god:

– Det har berre vore positive tilbakemeldingar, seier Mjelva.

Det er tydelegvis mange som er glad for at nokon tek seg tid til å fortelje borna kvifor vi feirar påske.

(saka held fram under)

Viktigaste høgtida

– Påska er årets viktigaste høgtida for kyrkja. Men den har lett for å drukne i mykje anna, og kjem også litt i skuggen av jula, seier Åkernes.

«Påskens mysterium» meiner han passar best for born i alderen fire til ti år. Men alle, både yngre og eldre, er hjarteleg velkomne.

– Det er ofte ein del eldre søsken som blir med, mellom anna når det skal lagast kors. Då treng vi hjelp, seier Åkernes.

Han meiner at det dei har fått til i Geiranger er heilt unikt. No oppmodar han resten av søndagsskule-Norge om å gå utradisjonelle vegar slik at grunnen til at ein feirar påske ikkje går i gløymeboka.

– Vi må ta påska tilbake, seier søndagsskulelæraren.