Det er i år tiårsjubileum for naustdagen, som blir arrangert av foreldrerådets arbeidsutval på Hessa skole. (FAU) Hessamusikken står for underhaldninga, og det blir båtaktivitetar med kano, kajakk og robåtar.

Røde Kors vil også vere til stades og sørge for alle får ein trygg dag ved sjøen.

– Ta med campingstol og varme klede og kom og nyt dagen saman med venner og familie i vårt flotte nærmiljø. Det vil bli open kiosk, men hugs kontantar, for vi har ikkje kortterminal, seier Anne- Lise Sagen Major på vegner av Hessa skole FAU.

Arrangementet varer frå 12:00 til 15:00.