– Ein føler seg som ei lita brikke i det heile, seier Pål Forr Austnes (21).

Til trass for kor lita brikke han er, så er han like fullt ein del av eit større maskineri som gjer nytte for seg og får høve til å gi noko tilbake.

Rett på

Som ein av dei yngste på si avdeling byrja haramsøyingen i jobben som teknikar på forskingssenteret i juni.

Han slutta i jobben på Rolls-Royce Longva ein fredag, flytta til Saint-Genis-Pouilly dagen etter og rett i jobb hos Cern på måndagen.

– Bratt læringskurve?

– Ja, det kan du godt seie, seier Austnes og ler. Til trass for lange arbeidsdagar og franskkurs har han begynt å spele trompet i eit funkband også. Musikken har vore ein fin inngangsport for å kome kjapt inn i eit sosialt miljø på.

Stor moglegheit

Austnes er ikkje i tvil om at den praktiske arbeidserfaringa frå Rolls-Royce og fagbrevet som automatikar frå tekniske allmennfag ved Haram vidaregåande skule, var avgjerande for at han fekk jobben.

Han er tilsett som teknikar i Cern, med moglegheit for å forlenge traineekontrakten inntil tre år. Når han først har fått moglegheita, grip han den.

Big Bang

Forenkla forklart har Austnes ansvar for å halde i gang og utvikle maskiner som fysikarane nyttar til sine eksperiment.

Deriblant verdas største partikkelakselerator. Når protonar kolliderer i ei voldsom fart, tett oppunder lysets hastigheit, har det mellom anna blitt oppdaga nye partiklar som kan gi større forståing for første augneblinka i universets utvikling.

– Eg har kun fysikk frå vidaregåande nivå, så dette vert for høgtsvevande for meg, seier Austnes.

For å forstå dei enorme kreftene, kan ein samanlikne det med følgjande: Når partikkelakseleratoren går for full maskin, tilsvarer det energien til over 2.000 lyntog som køyrer i 300 km/t.

– Vert du litt audmjuk av å jobbe på Cern?

– Ja, det må ein vere. Men det går veldig fint. Alle er inkluderande, og det er fullt mogleg å stille spørsmål og vere kritisk. Det vert godtatt, så lenge det ein kjem med er fornuftig.

Pål Forr Austnes (21) frå Haramsøya jobbar som teknikar i Cern, og er ein av dei yngste på si avdeling. Foto: Privat