Det vart gjennomført tilsyn i vår, og hadde som føremål å styrke arbeidet med det psykososiale miljøet ved skulen og gjere skulen i betre stand til å førebygge og handtere krenkande åtferd.

Etter å ha intervjua elevar, foreldre, lærarar og leiing og gått gjennom omfattande dokumentasjon, konkluderer Fylkesmannen med at ungdomsskulen bryt lova på fleire punkt:

* Skulen arbeider ikkje aktivt, systematisk og kontinuerleg for å hindre at uønska åtferd oppstår.

* Dei tilsette er mangelfullt informert om plikta dei har til å handle når dei veit om krenkande åtferd.

* Skulen gjer ikkje enkeltvedtak om å gjennomføre tiltak, som dei er pliktige til.

Sjølv om lova gir skulen ansvar for den daglege etterlevinga av reglane, er det kommunen som har det overordna ansvaret.

Fylkesmannen krev no at skulen og kommunen umiddelbart set i verk tiltak for å rette lovbrota. Skulen må sende inn erklæring om at lovbrota er retta innan 31. oktober.