Det sa Sulas ordførar Jim-Arve Røssevoll til Sunnmørsposten i forkant av gårsdagens kommunestyremøte.

Ordføraren starta møtet med å gjere greie for den såkalla Breidablikk-saka, som handlar om omfattande overgrep ved Breidablikk, gamle Langevåg skule. Og han beklaga på det sterkaste at alt det vonde fekk skje utan at nokon ser ut til å ha gripe inn. Og det trass i at overgrepa skal ha skjedd over fleire tiår, frå 1920-talet til utpå 1960-talet.

Mannen som er skulda for dei grove overgrepa, både valdelege og seksuelle, var ifølge Røssevoll skulestyrar ved Breidablikk i alle desse åra.

Vonde historier

– Det er ei skam at dette har skjedd. Lokalsamfunnet har på mange måtar svikta, for mange må ha visst, og mange må ha hatt sine mistankar, og fleire kan ha forsøkt å fortelje for å få slutt på overgrepa, utan at det hjelpte, seier ordføraren.

– Dei fleste i Sula kan ikkje lastast for dette i dag, og Sula var ikkje eigen kommune då overgrepa skjedde. Likevel vil eg som Sula-ordførar be om orsaking, på vegner av innbyggjarane eg representerer. På vegner av oss alle.

Berre nokre timar i forkant av møtet hadde ordføraren fått det hittil siste varselet om misbruk ved Breidablikk:

– Det er sterke og vonde historier som vi i kommunen og i helsetenesta har fått høyre etter at vi i februar oppmoda folk til å fortelje om eventuelle overgrep. Vi oppretta hjelpetelefonen for å kunne ta imot historiene på ein skikkeleg måte. Det har vore skrekkelege historier å lytte til, seier han til Sunnmørsposten.

– Sånn sett er det godt å få gå på talarstolen i kommunestyret og offentleg be om orsaking. Som ordførar gjer eg det for å bekrefte at vi trur at historiene er sanne, i håp om at ei slik bekrefting kan hjelpe dei som ikkje vart høyrt, eller som ikkje følte at dei hadde nokon å gå til, då dei trengde det som mest. Vi har tatt imot titals ulike historier som alle fortel om overgrep ved Breidablikk. Mørketala er nok store, seier han.

Han understrekar at sjølv om hjelpetelefonen ikkje lenger vil vere i bruk, vil det framleis vere mogleg å fortelje og dele si historie om ein henvender seg til fastlegen sin.

Oppriktig

Dette sa ordføraren i talen sin:

«Eg vil be om orsaking på vegner av dei som hadde ansvar for skulen på den tida, og enten ikkje visste eller tok ansvar slik dei burde.

Eg vil be om orsaking for at overgrepshandlingar fekk skje rett fram for nasen på eit heilt lokalsamfunn over fleire tiår, og at offera ikkje fekk hjelp og støtte då det vart mest trong for det.

Eg vil på vegner av eit lokalsamfunn be om orsaking for det offera og deira pårørande har blitt utsett for.

På vegner av oss alle ber eg om orsaking!»

Ikkje lenger i bruk: Gamle Langevåg skule, tidlegare Breidablikk, er ikkje lenger i bruk. Her skal mange elevar ha opplevd vonde ting i perioden frå 1920 til utpå 60-talet. Arkivfoto Foto: frode kleiveland