(Møre-Nytt): Også Ørsta-ordførar Stein Aam synest styrehonoraret i Tussa er vel høgt.

– Spørsmålet ein bør stille er om det samanlikna med andre styreverv, er så spesielt å sitje i styret for Tussa at godtgjersla skal vere så høg som den er, seier Aam.

Han viser til folkesnakk.

– I fleire år har det vore folkesnakk på bygda om det høge styrehonoraret i Tussa. Mellom anna difor bør ein få ei vurdering av godtgjersla, utan at eg har teke stilling til kor mykje ein styremedlem i selskapet skal ha betalt, seier Aam.

Han viser til at styret i Tussa normalt har seks styremøte i året, og at det då vert betalt kring 15.000 kroner til kvar styremedlem.

Tampen

Det var på tampen av ei roleg generalforsamling i Tussa fredag at det byrja å ulme mellom nokre av politikarane då generalforsamlinga skulle vedta godtgjersle. Valnemnda la fram eit framlegg om ei styregodtgjerdsle på 89.000 kroner for dei faste styremedlemmene, og at styreleiaren fekk 141.500 kroner i året. Då tok varaordføraren på Hareid, Kristian Fuglseth, ordet.

– Det har vore skrive ein del i media om høge styrehonorar. Det er på tide å normalisere styrehonoraret Tussa og at ein difor bør halvere honoraret. Samanliknar ein Tussa-honoraret med andre betalte styreverv ein kan samanlikne seg med, er honoraret i Tussa i nokre tilfelle godt over andre styre, og i andre tilfelle mykje høgare enn i andre styre, sa Fuglseth og meinte det vart feil dersom det var grunna pengane folk sat i styret.

Fuglseth peika på at fleire av styremøta i Tussa er telefonmøte, og at styrerepresentantane kjem til møta med ferdig utarbeidde saker på bordet.

– Det er ikkje nokon tvil om at det er veldig attraktivt å sitje i Tussa-styret. Vervet er veldig godt betalt, og då må folk i styret gjere ein god jobb. Ein må då også få vite kva slags opplæring nye i styret får, sa Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven. Ho viste til at det i årsmeldinga ikkje står noko om kor mange styremøte Tussa-styret har kvart år.

Overraska konsernsjef

Varaordføraren i Ulstein, Steinar Torvik, forsvarte styrehonorara.

– Dette styret har stort ansvar, og ein må ikkje trekke dugnadstanken så langt at det ikkje vert interessant å sitje i styret, sa Torvik.

Volda-ordførar Jørgen Amdam meinte det kunne vere vanskeleg å samanlikne styrehonorar med andre selskap fordi ansvarsområda er annleis.

Tussa-direktør Elling Dybdal var overraska over at det på generalforsamlinga vart stilt spørsmål om styrehonoraret.

– Eg har ikkje registrert at det har vorte skrive noko om dette i media. Vi må samanlikne oss med andre selskap. Vi lever i ein marknad der vi må rekruttere i konkurranse med andre, og Tussa må vere opptekne av å ha dyktige folk i alle ledd, sa Dybdal.

Ny vurdering

Leiaren i Tussa si valnemnd, Lars Erling Bjåstad Hovlid, forsvarte valnemnda si innstilling.

– Samanlikna med andre kraftselskap ligg ikkje honorara i Tussa på eit høgt nivå. Men Tussa ligg heller ikkje på botnen, sa Hovlid.

Kristian Fuglseth fremja eit punkt til neste generalforsamling om at valnemnda kjem med ei ny vurdering av styrehonoraret på bakgrunn av signala som kom på årets generalforsamling. Dette vart samrøystes vedteke.

Framlegg til styrehonorar for 2018 vart vedteke etter innstillinga. I tillegg til 89.000 kroner for faste medlemmer, får varamedlemmer 6.400 kroner per møte. Leiaren i valnemnda får 6.100 kroner per møte og medlemmene i valnemnda får 4.100 kroner.

Kjell Arne Aurstad, med Bente Reklev som personleg vara, vart valde for to nye år i styret. I valnemnda for neste år finn ein også Ingrid Opedal, Volda, og Hans Olav Myklebust, Ørsta.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.

Varaordførar Kristian Fuglseth på Hareid meiner det er nok med 45.000 kroner i året for å sitje i Tussa-styret. Foto: ROY-ARNE FOLKESTAD/MØRE-NYTT