Saka har tidlegare skapt rabalder i Sandøy. Torsdag kjem den opp i kommunestyret.

Det er Jan Kåre Brunvoll på Harøya som har søkt om konsesjon for havbeite for hummar. Gjennom selskapet Øya Sjømat har Brunvoll søkt om eit område på 33 km², som er halvanna gong større enn alt landareal i kommunen.

Planen inneber å fiske rognhummar lokalt, ta vare på yngelen i eit klekkeri i knapt to veker, og setje yngel og hummar ut att.

Ifølgje Brunvoll er målet å få til det beste og mest komplette hummarprosjektet i Norge til no, for å finne ut korleis havbeite kan bli ei ny næring.

Avslo blankt

Rådmannen har lagt lite imellom i si tilråding.

– At ein aktør skal få einerett til denne ressursen utan at det er synleggjort på ein god måte kva dette kan generere av arbeidsplassar eller verdiar for samfunnet, gjer det vanskeleg å finne positive sider ved prosjektet, skriv rådmann Kim-André Breivik.

Formannskapet har gått inn for å avslå søknaden.

Også Sandøy Høgre, som i utgangspunktet har vore positiv, meiner informasjonen om prosjektet ikkje er utfyllande nok til å bedømme søknaden.

Nye eigarar

Delikatesse Før var det flust av hummar i fjordane. No er hummaren ein ettertrakta matressurs til fleire hundre kroner kiloen. Arkiv

No kan Sunnmørsposten fortelje at Øya Sjømat AS har endra på planane.

I søknaden som vart sendt inn i desember 2016 står Jan Kåre Brunvoll på Harøya oppført som eineeigar. I mellom- tida er aksjefleirtalet flytta ut.

Brunvoll har 34 prosent av aksjane, fortel Rådmund Steinsvåg, som no er dagleg leiar. Steinsvåg var inntil nyleg kontaktperson i selskapet Norsk Hummer AS i Kristiansand. No har han fått med seg ein tidlegare dagleg leiar i Norsk Hummer samt ein marinbiolog, og samla sett har dei kontroll over Sandøy-selskapet.

– Eg syns eg har gjort eit varp. Eg har fått den kompetansen eg var ute etter. Og selskapsadressa er i Sandøy og der skal ho vere, seier Jan Kåre Brunvoll til Sunnmørsposten.

Legg fram nye planar

Dei fortel også at dei snart vil søke om konsesjon på nytt.

– Vi går ned frå 33 til 17 kvadratkilometer. Vi vil også søke om eit område lenger ut frå land, seier dei. Kartskissa som Steinsvåg sender til Sunnmørsposten over det nye området overlappar litt det «gamle» området.

Einerett til hummar og krabbe

Dagleg leiar Rådmund Steinsvåg vart nyleg dagleg leiar i Sandøy-selskapet Øya Sjømat AS. Han har tidlegare jobba for Norsk Hummer AS i Kristiansand.

– Dagens hummarbestandar der ute er eit vel så bra område. Men der er også meir vêrhardt, med færre fiskarar. Vi vil først av alt unngå konfliktane, seier Steinsvåg.

Når yngelen byrjar å nærme seg fangstbar størrelse, ønskjer selskapet einerett til å fiske med teine, ruse og garn i området. Dermed får dei i praksis einerett til både hummar og krabbe, både eksisterande og eventuell tilvekst av hummar som er sett ut.

– Meir hummar vil overleve

For å kome andre fiskarar i møte, tilbyr dei seg å setje ut hummaryngel i andre område.

– Vi tenker å setje 50 prosent av yngelen ut andre stader i kommunen. Vi veit at yngelen når den er 11–12 dagar gammal søker mot botnen for å finne eigna forhold å grave seg ned i. Ved å beskytte yngelen dei første dagane, vil langt fleire overleve, ifølgje Steinsvåg.

Han fortel også om planar om eit klekkeri i Sandøy. No håper dei at kommunestyret ikkje behandlar saka i dag. I går sende dei dette til fylket:

«På bakgrunn av at vi ønsker å justere størrelse og plassering av det omsøkte havbeiteområdet for å unngå konflikter med andre brukerinteresser, ber Øya Sjømat om at fylkeskommunen midlertidig stopper saksbehandlingen av prosjektet.»

Oppdatering: Gir hummar-konsesjon ny sjanse