– Eg har fått tak i han, ja! Vi har snakka i telefonen, sendt meldingar og eg har sendt blomster til han, seier Anne Marie Vaagen Hareide.
I førre veke skreiv Sunnmørsposten om drosjesjåføren som hjelpte Anne Marie då alle andre svikta.
– Drosjesjåføren var ein engel
Sunnmørsposten har vore i kontakt med Ålesund taxi om saka. Dei stadfestar at Anne Marie har fått vite kven drosjesjåføren er, men han ønsker å forbli anonym.
– Han var litt brydd, trur eg, men så veldig hyggeleg, seier Anne Marie.
Det går betre med helsa no, sjølv om ikkje er heilt bra.
– Men eg er framleis irritert over behandlinga eg fekk hos kommunen. Når eg blir betre, går eg kanskje vidare med det.