Legemeldt sjukefråvær i Møre og Romsdal var på 5,3 prosent ved utgangen av 2. kvartal 2014, opp 0,2 prosentpoeng frå 5,1 i 2. kvartal i fjor, skriv NAV i ei pressemelding.

Mest i Stordal

Stordal er den kommunen i fylket som har mest legemeldt sjukefråvær og ligg på 7,2 prosent pr. andre kvartal i år. Opp 0,7 frå same tidspunkt i fjor.

I andre enden av skalaen finn vi Sunndal kommune som ligg på 4 prosent legemeldt sjukefråvær, ned 0,1 prosentpoeng frå same kvartal i fjor.

Som resten av landet

Sjukefråværet her i fylket har hatt god utvikling dei siste fem åra og Møre og Romsdal har omtrent same fråværet som resten av landet. Dette kvartalet var det 0,1 prosentpoeng høgare.

Landet har hatt ein samla auke i legemeldt sjukefråvær på 0,1 prosentpoeng det siste året, frå 5,1 prosent til 5,2 prosent.