Den 57 år gamle mannen som ramla i vatnet saman med to passasjerar i Olden i Stryn er erklært omkomen, skriv avisa Fjordingen.

Operasjonsleiar Kai Myklebust i Sogn og Fjordane politidistrikt stadfestar dette til smp.no torsdag kveld.

– Ja, den meldinga fekk vi no i ettermiddag. Han blei erklært død av legen klokka 13.04. Pårørande skal vere informert, seier Myklebust til smp.no.

Mannen blei henta livlaus opp av sjøen og låg lenge kritisk skadd på sentralsjukehuset i Førde. NRK Sogn og Fjordane skriv at 57-åringen hadde flytevest, men hamna likevel under vatn. No skal vesten undersøkast, ifølgje Frode Briksdal i Briksdal Adventure.

Det blei starta førstehjelp heilt til luftambulansen kom.

Ribbåten frakta onsdag ni passasjerar då mannen hamna i sjøen. To av passasjerane hamna også i sjøen, men dei kom seg opp av vatnet for eigen maskin og var uskadde. Alle passasjerane var turistar på cruiseskipet «Britannia».

Operasjonsleiar Kai Myklebust seier at politiet ikkje veit noko meir om årsaka til ulykka, men etterforskinga vil halde fram fredag. Ifølgje avisa Fjordingen har det kommunale kriseteamet i Stryn bistått pårørande, tilsette og andre som fekk ulykka tett inn på livet.