Denne veka kom nyheita om at Fjordlaks legg ned settefiskanlegget i Tafjord i Norddal kommune. Åtte stillingar blir borte som følge av nedlegginga.

Torsdag skreiv Storfjordnytt at usemje mellom grunneigarane og at Fjordlaks er ein av dei utløysande faktorane for nedlegginga.

– Uvisse

Ifølge avisa hadde Fjordlaks ein avtale om å bruke grunnen i 25 år frå oppstarten i 1978, og at fornyingane av kontraktane har blitt kortare og kortare.

Fjordlaks meiner dette gjer at dette gjer at det er for stor uvisse til å modernisere anlegget.

– Avgjerda vart tatt basert på ei totalvurdering der dette var ein av faktorane, seier Svein Flølo i Fjordlaks AS til smp.no.

Ikkje gratis

Audun Walle er ein av dei åtte grunneigarane som eig Fjordlaks-grunnen. Han meiner at grunneigarane ikkje kan ta på seg noko ansvar for nedlegginga.

– Det er rett at det ikkje har vore nokon skikkeleg avtale siste åra, men vi har vore villige til å forlenge. Vi har tilbode dei å forlenge leigeavtalen etter at han går ut i 2018, med dei same vilkåra som i dag. Vi har oppfatta det slik at Fjordlaks ikkje ønsker dette, seier Walle.

Fjordlaks har betalt ei festeavgift til grunneigarane heilt sidan dei tok i bruk grunnen anlegget ligg på.

– Eit milliardkonsern som Fjordlaks kan ikkje forvente å få dette gratis, legg han til.

Ønsker ikkje å uttale seg

Smp.no har bedt Svein Flølo i Fjordlaks AS kommentere påstandane til Walle. Han seier avtalen med grunneigarane var ein del av totalvurderinga som førte til nedlegginga, men ønsker ikkje å kommentere detaljane i saka.

Audun Walle Foto: Anne-Mari Tomasgard