Oppdatering klokka 19.20: Dei fire personane er på veg ned igjen frå fjellet saman med ei gruppe som kom opp via Molladalen. Ei gruppe på til saman ti personar er no på rett veg ned.

Det var skodde i området som gjorde at personane har gjekk seg faste, melde politiet på Twitter.

Ørsta Røde Kors opplyste til smp.no i 17.30-tida at dei er i ferd med å finne ut av kven som kan stille i patruljene som skal sendast ut.

– Det er krevjande terreng, så det må vere fjellvande folk. No prøver vi å finne ut av kven som er på ferie og ikkje, og kven som kan stille, sa leiar Bjørn Vatne i Ørsta Røde Kors.

Klokka 18.10 melde politiet at det er sendt ut mannskapar frå Ørsta Røde Kors via Barstadvika og Molladalen.

– Dei fire som sit fast i skodda har det bra, skreiv politiet.

Klokka 19.20 kom meldinga om at dei fire er på veg ned igjen frå fjellet saman med ei anna gruppe.

Veit du meir om saka, eller har du bilde? Kontakt oss på 95 400 400 eller 95400400@smp.no.